Sandviksfjellet i Bergen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Denne geografiartikkelen som har med Hordaland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Sandviksfjellet | |
fjell | |
Land | ![]() |
---|---|
Område | Bergen (Hordaland) |
Fjellkjede | Dei sju fjella |
Høgd | 392 moh. |
Sandviksfjellet (392 moh) er eit av dei sju fjella kring Bergen og ligg nordaust for sentrum. På Bergen Turlag sin årlege sjufjellstur er dette det siste fjellet ein går over. Då har ein gått over Lyderhorn, Damsgårdsfjellet, Løvstakken, Ulriken, Fløyfjellet og Rundemanen.
Stien opp til toppen er kalla Stoltzekleiven etter Gerhard Stoltz (1833-1907), som var eigar av Frydenlund og let plante til fjellsida i 1873.
