Lyderhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lyderhorn
fjell
Lyderhorn 2006-04-17.jpg
Lyderhorn
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Bergen (Hordaland)
Fjellkjede Dei sju fjella
Høgd 396 moh
Koordinatar 60°22′26″N 05°14′31″EKoordinatar: 60°22′26″N 05°14′31″E
Wikimedia Commons: Lyderhorn

Lyderhorn (396 moh.) er eit av Dei sju fjella kring Bergen. Det ligg ved Liavatnet ca. 5 km vest for sentrum og er godt synleg frå skipsleia både nordover og sørover, og har vore eit kjent seglingsmerke. Gammalnorsk form av namnet var Logðarhorn / Lofðarhorn / Lœfðarhorn.

Lyderhorn skal etter folketrua ha vore samlingsstad for heksarValborgsnatta, Sankthansnatta og i julehelga.

Bergen Turlag sin årlege sjufjellstur startar over Lyderhorn og går vidare over Damsgårdsfjellet, Løvstakken, Ulriken, Fløyfjellet, Rundemanen og Sandviksfjellet.

Lyderhorntunnelane er ein parsell av Sotravegen frå Liavatnet i aust til krysset ved Kjøkkelvikvegen mot vest.