Sankt Georgs kapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sankt Georgs kapell
kapell
Neiden Chapel2.jpg
Lengd innvendig: 3,55 x 3,25 m m
Teknikk Lafta
Kyrkjegard Rundt kapellet

Sankt Georgs kapell
69°41′23″ N 29°22′46″ E
Wikimedia Commons: Sankt Georgs kapell, Neiden

Sankt Georgs kapell er eit ortodoks kyrkjehus i Neiden i Sør-Varanger. Kapellet ligg på Skolteplassen, ein gammal sommarbuplass til skoltesamane, nedom Skoltefossen i Neidenelva. I fylgje tradisjonen skal det vere bygd i 1565 av den russiske munken og misjonæren Trifon, og innvigd 24. juni det året.[1] Kapellet er ein viktig heilagdom for skoltesamane, og er freda som samisk kulturminne.

Sankt Georgs kapell er det minste sakralbygget i Noreg, med innvendige mål på 3,55 gonger 3,25 meter. Ytterdøra er berre 1,19 meter høg.

Årringsdatering har vist at tømmeret i kapellet ikkje er meir enn 200 år gammalt. Det er mogleg at det noverande bygget har erstatta eit eller fleire kapell i tilnærma same stil. Det kan også vere at opplysningar om St. Georgs kapell har vorte blanda saman med dei om eit kapell som har stått på vinterbuplassen til skoltesamane i Neiden. Av det er det berre tuftene att.

Utgravinga av kyrkjegarden[endre | endre wikiteksten]

Rundt kapellet ligg ein kyrkjegard som skal ha vore i bruk frå 1700-talet til litt ut på 1900-talet. I 1915 vart det gjort utgravingar på eldste delen av kyrkjegarden, og mange skjelett og kranium vart sende til Anatomisk institutt ved Universitetet i Oslo. Der gjekk dei inn i De Schreinerske samlinger, og dei har sidan vorte lagra der. Etter krav frå Sametinget og slektningane vedtok Medisinsk Fakultet ved Universitetet i Oslo i februar 2008 at dei skal førast attende og gravleggjast att på kyrkjegarden ved Sankt Georgs kapell.[2] Anatomisk institutt hadde tidlegare motsett seg dette.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]