Neiden

Koordinatar: 69°41′41.3″N 29°22′43.4″E / 69.694806°N 29.378722°E / 69.694806; 29.378722
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neiden
stad
Land  Noreg
Kart
Neiden
69°42′00″N 29°23′00″E / 69.7°N 29.383333333333°E / 69.7; 29.383333333333
Wikimedia Commons: Neiden

Neiden er ei bygd i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke, der E 6 kryssar Neidenelva. Staden er ein samisk busetnad, og her bur dei attståande norske skoltesamane.

Sankt Georgs kapell er det einaste ortodokse kapellet i Noreg og landets minste kyrkje. Kapellet er ifylgje tradisjonen reist av munken Trifon på 1500-talet. Äʹvv skoltesamisk museum opna i Neiden i 2017.

I Øvre-Neiden ligg ei av statens fjellstover.

Den største attraksjonen på staden er Skoltefossen, der det vert praktisert kastenotfiske på gammalt samisk vis. Laksetrapp. Veg over Sevettijärvi til det finske riksvegnettet ved Kaamanen.

Namnet kjem av skoltesamisk Njauddâm. Tydinga er utolka.

Folk frå Neiden[endre | endre wikiteksten]

  • Ørnulv Vorren (1916 —2007), etnograf, med studium av samisk kultur, voks opp i Neiden

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Neiden» i Store norske leksikon, snl.no.

69°41′41.3″N 29°22′43.4″E / 69.694806°N 29.378722°E / 69.694806; 29.378722