Sansepolcro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Sansepolcro
Oppstoda, måla av Piero della Francesca ca 1463-65

Sansepolcro er ein by og ein kommune i provinsen Arezzo i regionen Toscana i Italia. Kommunen, som har 16 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 91,5 km², ligg ved dei øvre breiddene av elva Tiber.

Næringslivet omfattar i hovudsak landbruk, maskinindustri, samt produksjon av næringmidlar og farmasøytika. Buitoni-pastaen har sitt opphav her, skapt av Giulia Buitoni i 1827.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonen seier at byen vart grunnlagd kring år 1000 av to pilgrimar, Arcanus og Aegidius, som tok med seg ein stein frå Gravkyrkja i Jerusalem (difor San Sepolcro). Sansepolcro vert nemnd fyrste gongen nokre år seinare, med referansar til eit benediktinarkloster.

Mellomalderbyen vart styrt både frå Citta' di Castello, Milano og av pavemakta. Etter eit slag i 1440 kjøpte Firenze byen for 25 000 dukatar, og Medici-ætta rådde over Borgo San Sepolcro til langt inn på 1900-talet.

Under andre verdskrigen vart byen spart for store øydeleggjingar, då offiseren Tony Clarke i British Royal Horse Artillery hindra allierte bombeangrep, noko han gjorde for å berge Piero della Francesca i sitt freskomåleri Oppstoda.

Målaren Piero della Francesca og matematikaren Luca Pacioli vart begge fødde i Sansepolcro.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]