Hopp til innhald

Saría

Saría
øy
Land  Hellas
Areal 20,429 km²
Folketal 46 (2021)
Kart
Saría
35°52′N 27°13′E / 35.87°N 27.22°E / 35.87; 27.22
Wikimedia Commons: Saria

Saría (gresk Σαρία) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho er ei steinete og vulkansk øy like nord for Kárpathos. Mellom Saría og Kárpathos går det eit 100 meter breitt sund. Øya har lite vegetasjon og mange skarpe klipper. Øya høyrer til Kárpathos kommune og har 46 innbyggjarar (2021).[1] Sjølv om det berre bur få menneske på Saría i dag, for det meste gjetarar, kan ein finne ruinane av den antikke byen Nísyros her. Ho er òg hekkeområde for leonorafalk.


35°52′N 27°13′E / 35.867°N 27.217°E / 35.867; 27.217