Agathonísi
Utsjånad
| Agathonísi Lokalt namn Αγαθονήσι | |
|---|---|
Hovudhamna på Agathonísi | |
| Geografi | |
| Stad | Egearhavet |
| Koordinatar | 37°30′N 26°58′E / 37.500°N 26.967°E |
| Øygruppe | Dodekanesane |
| Areal | 14,5 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Kálymnos |
| Største busetnad | Megálo Khório (189 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 202 (2021[1]) |
| Folketettleik | 13,9 /km² |
Agathonísi (gresk Αγαθονήσι) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho er omringa av mange mindre øyar og har to landsbyar: Megálo Khório og Mikró Khorió. Hamna på Agathonísi ligg i Ájos Jeórjos og her finn ein dei einaste hotella på øya. Øya ligg 67 km aust for Pátmos, ein båttur på om lag 2 timar og 30 minutt.
Agathonísi er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Øya går òg under andre namn som det lokale Gáidaros og det antikke namnet Tragea. Det høgaste punktet på øya er 209 meter over havet.
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Byane og tettstadene i kommunen er:
| Tettstad | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
|---|---|---|
| Megálo Khório | 168 | 189 |
| Mikró Khório | 17 | 13 |
Småøyar i kommunen:
- Gláros (0)
- Kounéli (0)
- Nerá (0)
- Psathonísio (0)
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
- Denne artikkelen bygger på «Agathonissi» frå Wikipedia på engelsk, den 5. august 2007.