Astypálea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astypálea
Lokalt namn Αστυπάλαια
Hamna på Astypálea
Hamna på Astypálea
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°33′N 26°21′EKoordinatar: 36°33′N 26°21′E
Øygruppe Dodekanesane

Areal 96,85 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kálymnos
Største busetnad Astypálea (1 055 innb.)

Demografi
Folketal 1 334 (2011[1])
Folketettleik 11,7 /km²

Astypálea (gresk Αστυπάλαια, italiensk Stampalia, osmansk tyrkisk استانبوليه İstanbulya), òg kalla Astipalea eller Astypalaia, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho er 18 km lang og 13 km på det breiaste med eit areal på 97 km².

Ástypálea er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Ástypálea 1 334 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 1 055 innbyggjarar.[1]

Kysten av Astypálea har mange klipper med mange små grusstrender innimellom. Ein stad på øya strekkjer det seg eit 10 km lang eid, som nesten deler øya i to delar. Hovudbyen og hovudhamna på øya er Astypálea eller Khóra, som dei lokale kallar han. Astypálea har ferjesamband til Pireus og dei andre øyane i Dodekanesane, i tillegg til flysamband med Aten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I gresk mytologi var Astypalaia ei kvinne som vart bortført av Poseidon i form av ein leopard med fiskehale[3].

Ho vart kolonisert av Mégara, og forfatninga og bygningan her er nemnd i mange inskripsjonar. Dei romarske keisarane gjorde øya til ein fri stat.

Under mellomalderen høyrte øya til Austromarriket fram til 1207, då ho i kjølvatnet av det fjerde krosstoget vart eit len for den venetianske adelsfamilien Querini fram til 1522. Querini bygde ei borg som framleis står i dag og la namnet på øya til familinamnet sitt, som vart Querini Stampalia. Astypálea vart tyrkisk i 1522 og osmanarane heldt ho fram til 1912, med to unntak. Frå 1648 til 1668 vart ho okkupert av Venezia under krigen mot Kreta, og frå 1821 til 1828 vart ho med opprørarane i den greske sjølvstendekrigen.

Ho vart igjen okkupert av osmanarane i 1828, og 12. april 1912 (under den tyrkisk-italienske krigen) gjekk ei avdeling av Regia Marina i land på Astypálea, som vart den første øya i Dodekanesane som vart okkupert av italienarane. Frå her gjekk italienarane vidare til Ródos natt til 4. mai[4]. Øya vart verande under italiensk styre fram til den andre verdskrigen. I 1947, i lag med resten av Dodekanesane, vart ho igjen ein del av Hellas.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Astypálea 1 055
Análipsi 159
Livádia 110
Vathý 10

Småøyar i kommunen:

  • Ajía Kyriakí (0)
  • Adelfí (0)
  • Avgó (0)
  • Glynó (0)
  • Zaforás (0)
  • Katsagrélli (0)
  • Kounoúpi (0)
  • Koutsomýti (0)
  • Mesonísi (0)
  • Ofidoússa (0)
  • Plakída (0)
  • Pondikoúsa (0)
  • Stefánia (0)
  • Sýrna (0)
  • Tigáni (0)
  • Fokionísia (0)
  • Khondronísi (0)
  • Khóndro (0)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]