Sarasenarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sarasenarar var eit namn nytta i Europa i antikken og mellomalderen om arabarar og muslimar. Opphavleg var det ei folkegruppe som kom frå ein del av Sinai, men etter kvart, og særleg under krosstoga, vart det nytta om muslimar generelt.

Sarasenar kjem frå det greske sarakēnoí, som tyder austlendingar. Klaudios Ptolemaios var den første ein veit om som nytta uttrykket då han skildra området Sarakene nord på Sinai, kalla opp etter byen Saraka mellom Egypt og Palestina.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.