Satellitten Polar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Teikning av satellitten Polar

Polar er ein forskingssatellitt bygd av NASA som ein av basissatellittane i forskningsprogrammet International Solar Terrestrial Physics Programme.

Polar har kamera for synleg lys, UV- og røntgenstråling for overvaking av nordlyset, og er instrumentert for å undersøkja plasmamiljøet, elektriske og magnetiske felt og energirike partiklar i polarområda, og for å avgjere energiinnstrøyminga til jorda og energibalansen i magnetosfæren.

Oppskytinga av satellitten vart utført 24. januar 1996 og han går i ein langstrekt polarbane, som ligg slik at Polar den mesteparten av tida ligg over den nordlege halvkula.

Fysisk institutt ved Universitetet i Bergen leverte instrumentdelar til satellitten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Polar». Store norske leksikon. 27.02.2013.