Saturnmånen Pallene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oppdagingsbiletet til Pallene

Pallene er ein av månane til Saturn. Han har ein diameter på kring 4 km og går i bane mellom Mimas og Enceladus.

Pallene vart oppdaga 1. juni 2004 av biletlaget bak Cassini-sonden. Det har seinare vorte stadfest at Pallene er det same objektet som var synleg på eitt einskild Voyager 2-bilete og som fekk mellombelsnamnet S/1981 S14.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.