Saturnmånen Atlas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Atlas
Cassini Atlas N00084634 CL.png
Atlas sett frå Cassini 12. juni 2007
Oppdaging[1]
Oppdaga av Richard Terrile
Oppdagingsdato oktober 1980
Baneskildring[2]
137 670 km
Eksentrisitet 0,0012
0,602 dagar
Banehelling 0,003°
Satellitt av Saturn
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 18,5 x 17,2 x 13,5 km[2]
Snittdiameter
30,2[2]
2 865,26 km²[2]
Masse 6,5941 × 1015 kg[2]
0,46 g/cm³[2]
0,002 m/s²[2]
27 km/t[2]
0,6019 dagar
Albedo 0,8 (synleg geometrisk)[3]

Atlas er ein av månane til Saturn. Han blei oppdaga i oktober 1980 ved hjelp av bilde frå Voyager-programmet, og like etter oppdaginga fekk han det mellombelse namnet 1980 S 28. I 1983 vedtok Den internasjonale astronomiske unionen å oppkalle månen etter guden Atlas frå den greske mytologien. I tillegg blir au namnet Saturn XV nytta.

Atlas ser ut til å vera ein gjetarmåne for A-ringen i systemet av planetringar rundt Saturn. Dessutan har ein i 2004 oppdaga ein ganske svak ring innanfor omløpsbanen til Atlas; denne ringen har fått det mellombelse namnet R/2004 S 1.

Nærbilde av Atlas, tatt av romsonden Cassini, viser Atlas med ein kraftig utvekst langs ekvator på månen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planet and Satellite Names and Discoverers - Gazetteer of Planetary Nomenclature
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Atlas: Facts & Figures - NASA Solar System Exploration
  3. Saturnian Satellite Fact Sheet - NSSDC

Bakgrunsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Saturnmånen Atlas