Saudehornet
Saudehornet | |||
fjell | |||
Saudehornet sett frå nord.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Ørsta (Møre og Romsdal) | ||
Fjellkjede | Sunnmørsalpane | ||
Høgd | 1 303 moh. | ||
Primærfaktor | 825 m | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Saudehornet |
Saudehornet er eit fjell som ligg rett ved tettstaden Ørsta i Møre og Romsdal. Det er eit populært skifjell, men bratt. Toppen er lett å nå på sommarstid. Fjellet har og vorte kalla Vikshetta. På Vartdal der fjellet vert sett frå nord, brukar ein namnet Tryhornet eller Tryhorna, fordi det ser ut som fjellet har tre like høge toppar. Frå 2003 har Saudehornet vore mål i det årlege 5,7 km lange motbakkeløpet Saudehornet rett opp som startar ved sjøen i tettstaden Ørsta.
Briten Geoffrey Hastings var på toppen av Saudehornet den 7. august 1889. Det er den fyrste tidfesta bestigninga, men toppen må ha vore vitja av bygdefolk før den tid.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Løp frå Ørsta til toppen
- Rundskue frå Saudehornet Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. ved Leif Roar Strand sin nettstad
