Savio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Savio
elv
none
Land Italia
Lengd 126 km km
Nedslagsfelt 660 km² km²
Middelvassføring 6 m³/s /s
Kjelde Monte Fumaiolo
Munning Adriahavet

Savio er ei elv i Emilia-Romagna i Italia. Ho har sitt utspring på vestsida av Monte Fumaiolo og snor seg 96 km langs dalen. Etter totalt 126 km munnar ho ut i Adriahavet nord for Cervia.

Savio naturpark er eit 6 km langt stykke av elva og startar ved to historiske bruer i Cesena.

Parken inneheld mange dyr og planter. Skogen er delt inn i to område. Området nær vatnet består av piletre og poppel, medan den andre består av johannesbrødtre.

Sjølv om parken er relativt liten kan ein sjå mange dyr her, både fuglar (hegre, isfugl, hakkespett og rovfugl) og pattedyr (hare, pinnsvin, rev, rådyr osv).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]