Sawasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sawasjøen
innsjø
Land  Irak
Guvernement Muthanna guvernement
Koordinatar 31°18′46.3″N 44°57′36.6″E / 31.312861°N 44.960167°E / 31.312861; 44.960167
Lengd 4,74 km
Breidd 1,77 km
Areal 12,5 km²
Innsjøtype Endorheisk innsjø
Kart
Sawasjøen
31°18′45″N 45°00′15″E / 31.3125°N 45.004166666667°E / 31.3125; 45.004166666667
Wikimedia Commons: Sawa Lake

Sawasjøen (arabisk بحيرة ساوة) er ein endorheisk innsjø i Muthanna guvernement nær Eufrat i Irak. Han ligg 23 km vest for Al-Samawa. Innsjøen har ingen tilsig eller utsig, men får vatn frå Eufrat gjennom eit system av sprekker som transporter vatn under bakken. Vassnivået varierer frå tørke- til regntidene. Innsjøen tørkar ikkje inn, fordi det er likevekt mellom vasstilførselen og fordampinga.

April 2022 hadde innsjøen tørka bort.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sawasjøen er ein unik innsjø i Irak og blant innsjøane med høgast saltinnhald i Irak. Innsjøen har ei langstrekt form og er 4,47 km lang og 1,77 km brei. Det er fleire rare faktorar med innsjøen. Ein av dei er at vassflata ligg 1-4 høgare enn det meste av landområdet rundt, og sjølv 5–7 m høgare enn Eufat som renn i nærleiken.[2] Ein gipsformasjon ligg kring innsjøen og somme stader er formasjonen seks meter høg. Formasjonane er blitt danna av fordamping av det salte vatnet og saltsediment som er avsett på overflata.[3]

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

På grunn av det salte vatnet, veks det ikkje planter i eller nær innsjøen. I sjøen lever det algar og ein fiskeart, arabisk tannkarpe. Det er mykje fugl rundt innsjøen, 25 artar med fastbuande og trekkfuglar er obsertvert i og kring innsjøen. Innsjøen har stort sett vadefugl som ender og sothøner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]