Scheelitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Scheelitt
Scheelite MHNT.MIN.2004.0.88 (p).jpg
Generelt
KategoriWolframatmineral
Kjemisk formelCaWO4
Strunz-klassifisering07.GA.05
KrystallsymmetriTetragonal 4/m
Einingscellea = 5.2429(3) Å, c = 11.3737(6) Å; Z=4
Identifikasjon
Fargefargelaus, kvit, grå, brun, bleik gul, guloransje, bleik tonar av oransje, raud, grøn; kan vere stripete
KrystallformPseudo-åttesidig, massive, skiveforma, korna
KrystallsystemTetragonal - Dipyramidal
TvillingVanleg, penetrerings- og kontakttvillingar, komposisjonsplane {110} eller {001}
Kløyvpå {101}, tydeleg; på {112}, forstyrra; på {001}, utydeleg
BrotUndermuslig til ujamn
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala4.5-5
Glansglasaktig til adamantin
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt5.9–6.1
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (+)
Brytingsindeksnω = 1.918 - 1.921 nε = 1.935 - 1.938
Dobbeltbrytingδ = 0.017
PleokroismeAvgjort dikorisk i gul (gul til oransje-brun)
SmeltbarheitMed vanskar
OppløyselegheitOppløyseleg i syrer
Andre eigenskaparfluorescens under kortbølgja UV er lyseblå, blåkvit til gul. Prøvar med meir molybden fluorescer kvit til gul, liknande powellitt. Stundom raud fluorescens under mellombølgje UV.
Kjelder[1][2][3][4]

Scheelitt er eit oftast grått, gulkvitt eller brunt mineral og ein viktig wolfram-malm. Kjemisk sett er det eit kalsiumwolframat, CaWO4 som krystalliserer tetragonalt. Det er særs tungt og tettleiken er kring 6 g/cm3. Det fluorescerer kraftig i ultrafiolett ljos, frå blåkvitt for rein scheelitt til sterkt gult med aukande molybdeninnhald (isomorf blandbarheit med powellitt, CaMoO4).

Scheelitt vart først skildra i 1781 etter ein førekomst i Bispbergs klack i Säter i Dalarna i Sverige, og kalla opp etter Carl Wilhelm Scheele (1742–1786).[2]

I Noreg er det kjent frå mellom anna Ørsdalen i Bjerkreim (saman med wolframitt) der det tidlegare var gruvedrift og frå einskilde molybdenittførekomstar. Mineralet er dessutan ganske utbreidd i kontaktsonene til Oslofeltet (Skreia, Grua, Eikeren). Spesielt store krystall er kjent frå Korea og Kina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/scheelite.pdf Handbook of Mineralogi
  2. 2,0 2,1 http://www.mindat.org/min-3560.html Mindat.org
  3. http://webmineral.com/data/Scheelite.shtml Webmineral data
  4. Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, Manual of Mineralogi, Wiley, 20th ed., 1985, p. 356 ISBN 0-471-80580-7