Schellenberg

Koordinatar: 47°14′N 9°32′E / 47.233°N 9.533°E / 47.233; 9.533
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herrschaft Schellenberg
Herskapet Schellenberg
Stat i Det tysk-romerske riket

800-talet–1719
Hovudstad Schellenberg, Vaduz
Styreform Fyrstedøme
Historisk periode Mellomalderen
 - Erobra av Romarriket 15 fvt.
 - Grevskapet oppretta av
     Karl den store
 
tidleg 800-talet
 - Kjøpt av grevane av
    Vaduz
 
1437
 - Erobra, med Vaduz
    av Austerrike
 
1499
 - Liechtenstein-dynastiet
    fekk fyrstestatus
 
1706
 - Overtatt av Liechtenstein-dynastiet  
1719

Schellenberg er ein kommune i det lågareliggande området av Liechtenstein, ved breidda av Rhinen. Han har 952 innbyggjarar (2005) og dekkjer eit areal på 3,5 km².

Området vart ført busett av keltarar, så av raetiarar. Romarriket erobra området i 15 fvt. og det vart ein del av provinsen Raetia. Provinsen vart seinare eit grevskap under Karl den store. Grevskapet vart fleire gonger delt mellom arvingane.

Herskapet Schellenberg vart kjøpt av grevane av Vaduz i 1437 og dei to statane har vore samla sidan den gong. Etter den schwabiske krigen i 1499 kom begge under Austerrike sin kontroll. Forskjellige herskapsfamiliar kjøpte og selde dei før dei vart kjøpt av Lichtenstein-familien tidleg på 1700-talet. Dei hadde fått fyrstestatus i 1706, men trong eit område nær keisardømet for å kunne stemme i riksdagen til fyrstane i riket. Keisaren slo formelt saman Vaduz og Schellenberg i 1719 som Fyrstedømet Liechtenstein.

I kommunen er det eit monument ved grenselandsbyen Hinterschellenberg til minne om dei russiske soldatane som fekk asyl her.[1]. Mot slutten av den andre verdskrigen gav Liechtenstein asyl til om lag fem hundre soldatar frå Russland, som hadde støtta tyske Wehrmacht. Dette var ikkje ei enkel sak for det fattige landet som hadde vanskar med å fø og ta vare på sine eigne innbyggjarar. Til slutt valde Argentina å ta i mot asylsøkjarane. Britane sende heim russarane dei hadde fanga som hadde kjempa på tysk side tilbake til Sovjetunionen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

47°14′N 9°32′E / 47.233°N 9.533°E / 47.233; 9.533

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar