Erkehertugdømet Austerrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
(Erz-)Herzogtum Österreich
(Erke-)Hertugdømet Austerrike
Vasall
Blank.png
11561804 Flag of the Habsburg Monarchy.svg
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Motto
A.E.I.O.U.
Plasseringa til Austerrike
Dei habsburgske arvelanda i 1477, synt i oransje
Hovudstad Wien
Språk austerriks-bayersk tysk
Religion Romersk-katolsk
Styreform Monarki
Markgreve
 - 976–994 Leopold I
(første markgrave frå Babenberg)
 - 1136–41 Leopold IV¹
(siste markgreve)
Hertug
 - 1141–77 Henrik II Jasomirgott¹
(første hertug, frå 1156)
 - 1230–46 Fredrik II
(siste Babenberg-hertug)
 - 1278–91 Rudolf I
(første Habsburg-hertug)
 - 1330–58 Albert II²
(siste nominelle hertug)
Erkehertug
 - 1358–65 Rudolf IV grunnleggjaren
(første nominelle erkehertug)
 - 1457–93 Fredrik V³
(første erkehertug de jure)
 - 1804–35 Frans I4
(første keisar)
 - 1916–18 Karl I
(siste keisar, døydde 1922)
Historisk periode Mellomalderen
 - Markgrevskap oppretta 960
 - Heva til hertugdøme 1156
 - Heva til erkehertugdøme  
1359
 - Erkehertugdøme
     anerkjend av Rike
 
1453
 - Vart med i Den austerrikske krinsen  
1512
 - Det austerrikske riket
    erklært5
 
11. august 1804
1: Òg Hertugar av Bayern frå 1139.
2: Felles hertug fram til 1344, først med Otto den muntre, så med Leopold II.
3: Tysk-romersk keisar, som Fredrik III, frå 1452–93; konge av romarane frå 1440–93; hertug av Steiermark, Kärnten og Krain frå 1424–93. Begge hertugdøma og erkehertugdømet vart styrt med Albert VI til 1463.
4: Tysk-romersk keisar, som Frans II, frå 1792–1806.
5: Erkehertugdømet vart verande eit cisleithaniansk Kronland innanfor riket, som eit av dei mange områda som vart halde i personalunion av dei habsburgske keisarane.

Austerrike (tysk Erzherzogtum Österreich) var ein av dei viktigaste statane i Det tysk-romerske riket, kjernen i Habsburgmonarkiet og føregjengaren til Det austerrikske riket. I nesten 700 år utvikla det seg frå eit markgreveskap til å bli senteret i eit rike.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Med hovudstaden i Wien låg erkehertugdømet kring Donau i det som i dag er dei austerrikske forbundslanda Niederösterreich og Oberösterreich.

Det låg søraust i Det tysk-romerske riket, på grensa til Kongedømet Ungarn, som låg på den andre sida av elva Leitha. I sør grensa det til hertugdømet Steiermark, med grensa ved det historiske Semmeringpasset, medan grensa i nord gjekk ved Bömerwald og elva Thaya med Böhmen og Mähren på den andre sida. I vest grensa hertugdømet til Hertugdømet Bayern, der den historiske Innviertel høyrte til dei bayerske hertugane fram til Teschen-traktaten i 1779, samt til erkebispedømet Salzburg i regionen Salzkammergut.

Kong Ottokar II av Böhmen, som var austerriksk hertug frå 1261, var den første som skilde dei austerrikske landområda vest for elva Enns, som sidan grunnlegginga av det keisarlege markgrevskapet Austerrike i 976 hadde høyrt til det bayerske stammehertugdømet, som den administrative eininga Øvre-Austerrike - ein tradisjon som dei habsburgske herskarane vidareførte.

Marchia Orientalis under babenbergerane[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå markgrevskapet Austerrike.

På 800-talet var kjernen i det som skulle verte erkehertugdømet Austerrike kjend som march(i)a orientalis eller «det austlege markgrevskapet». I 788 hadde Karl den store innlemma det bayerske stamhertugdømet i Frankarriket, og oppretta Avarermarken i dei tilstøytande austlege områda langs Donau, som etter fleire krigar mot avarane vart utvida til markgrevskapet Pannonia, ein del av Austfrankarriket etter Verdun-traktaten i 843. Frankarane mista derimot det meste av desse områda til madjarane etter at ein bayersk arme vart slått i 907 i slaget ved Brezalauspurc.

Madjarane vart drivne ut av den tyske kong Otto I i slaget ved Lechfeld i 955. I det gjenerobra marcha orientalis fordreiv tyske migrantar den tidlegare slaviske folkesetnaden. Området vart eit av grensemarkene i Det tysk-romerske riket og fekk status som markgrevskap kring 960. I 976 utpeikte keisar Otto II Leopold I frå Huset Babenberg til markgreve for støtta hans i striden med den opprørske hertug Henrik II av Bayern. I eit skøyte skriven av keisar Otto III i 996, vart det nedskriven at grensemarka vart kalla Ostarrîchi i ei lokal dialekt. Dette namnet er opphavet til dagens tyske namn for Austerrike, Österreich. Dagens Austerrike reknar dette dokumentet som grunnlegginga av nasjonen.

Privilegium Minus[endre | endre wikiteksten]

I 1156 vart statusen til markgrevskapet heva til eit hertugdøme gjennom Privilegium Minus, skriven av keisar Fredrik I Barbarossa. I 1138 hadde onkelen til Fredrik, den tyske kong Konrad III av Hohenstaufen teke det bayerske hertugdømet frå hans Welf-rival Henrik X den stolte og gjeve det til den austerrikske markgreven Leopold IV av Babenberg. Keisar Fredrik ønskte derimot å avslutte striden med Welf-dynastiet og gav hertugdømet Bayern attende til Henrik Løve. Som kompensasjon fekk bror til Leopold, Henrik II av Babenberg, som hadde arva Austerrike og Bayern i 1141 og som no måtte tre av som bayersk hertug, markgrevskapet sitt heva til «Hertugdømet Austerrike».

Då hertug Fredrik II av Austerrike døydde i 1246 døydde Babenberg-dynastiet ut. Under arvefølgjestriden som følgde invaderte den bøhmiske prinsen Ottokar II Přemysl Austerrike i 1251 og vart erklært hertug av den lokale adelen. Året etter legitimerte han overttakinga med å gifte seg med syster til Fredrik, Margaret av Babenberg, då om lag 30 år eldre enn han. Styret hans vart ikkje anerkjend av schwaniske grev Rudolf av Habsburg, som etter å ha blitt valt til konge av romarane erklærte Austerrike som eit len. Han slo til slutt Ottokar i 1278 i slaget på Marchfeld og sikra hertugdømet for Habsburg-dynastiet dei neste 640 åra.

Austerrike danna i lag med hertugdømet Steiermark «arvelanda» som vart testamentert til sønene til Rudolf, Albert og Rudolf II, og dette vart utvida med Kärnten og Carniola av hertug Otto IV den muntre i 1335.

Privilegium Maius[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om habsburgarane alt styrte over eit stort område, vart ikkje krava deira rekna med i den gyldne bullen av 1356, då keisar Karl IV, eit medlem av det rivaliserande Luxembourg-dynastiet, valte dei sju kurfyrsteane som kunne stemme i valet av den tyske kongen. I 1359 forfalska derfor hertug Rudolf IV av Austerrike Privilegium Maius for å heve statusen av hertugdømet sitt til eit «erkehertugdøme», på likt nivå med eit kurfyrstedøme og med rettane om førstefødselsrett, sjølv om handlinga ikkje vart respektert av keisaren. Handlingane til Rudolf danna likevel grunnlaget for at Habsburg-dynastiet steig fram, og han fekk Tirol frå grevinne Margaret Maultasch i 1363. Etter han døydde i 1365 krangla derimot brørne hans om arva si og i 1739 delte Neuberg-traktaten til slutt dei habsburgske områda i det eigentlege Austerrike og eit Indre Austerrike, som bestod av Steiermark, Kärnten og Carniola. Delinga svekka igjen stillinga til Huset Habsburg i forhold til Luxembourg.

Av etterkomarane deira var hertug Ernst Jernet av Indre Austerrike frå 1414 den første som faktisk tok tittelen erkehertug. Erkehertugdømet vart ikkje formelt anerkjend før sonen til Ernst, Fredrik V vart valt til tysk-romersk keisar og habsburgarane fekk kontroll over stillinga slik at dei kunne legitimere maktranet i 1453. Då syskenbarnet hans Ladislaus den posthume døydde i 1457 samla Fredrik igjen dei austerrikske landormåda under sitt styre, men måtte slite med krava til den yngre broren hans, Albert VI, som i 1458 kunne sikre styret sitt av område «oppfor» (vest for) Enns kring Linz, seinare kjend som Oberösterreich. Etter Albert døydde i 1463 vart landområda ob der Enns og unter der Enns (seinare Niederösterreich) verande fråskilde einingar, då begge styrte av Fredrik, som i 1489 flytta hoffet sitt til Linz etter at den langvarige rivalen hans Matthias Corvinus av Ungarn hadde erobra Wien.

Austerrike vart verande den einaste staten med status som erkehertugdøme og som aldri kunne stemme som kurfyrstar, eit problem som til slutt vart løyst for habsburgarane då erkehertug Ferdinand I arva kongedømet Böhmen i 1526. Frå 1500-talet heldt medlemmar av Huset Habsburg tittelen erkehertug eller erkehertuginne på linkande vis som «prinsar og prinsesser av blod» i andre europeiske kongehus. Frå 1512 vart erkehertugdøme òg senteret i ein keisarkrins i Det tysk-romerske riket, Den austerrikske krinsen, som nesten utelukkande bestod av dei habsburgske arvelanda.

Habsburgmonarkiet[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Habsburgmonarkiet.

Erkehertuginne Fredrik V hadde alt flytta Habsburgdynastiet opp til europeiske dimensjonar med å arrangere ekteskapet mellom sonen Maximilian I og Maria den rike, arvingen til Burgund i 1477. Etter at sonen til Maximilian, Filip den flotte, i 1496 gifta seg med Joanna den galne, dronning av Castilla og kongedømet Aragon, vart sonen Karl V arvingen til «riket der sola aldri går ned». Den yngre broren hans kravde derimot rettane sine og vart erkehertug av Austerrike i 1521, før han gifta seg med prinsesse Anna av Böhmen og Ungarn, og arva begge kongedøma i 1526. Ferdinand, konge av romarane frå 1531, stamfaren til den austerrikske greina av Huset Habsburg (Habsburg-Lorraine frå 1745 og frametter) som var erkehertugar av Austerrike og kongar av Böhmen, som styrte Det tysk-romerske riket fram til det vart oppløyst i 1806.

I 1804 heva keisar Frans II av Habsburg områda sine i Det tysk-romerske riket i lag med Kongedømet Ungarn til Det austerrikske riket som ein reaksjon på at Napoleon I erklærte Det franske riket. To år seinare oppløyste Frans formelt Det tysk-romerske riket. Erkehertugdømet Austerrike heldt fram å eksistere som eit konstituert kronland i riket sjølv om det var delt i Øvre- og Nedre-Austerrike for somme føremål. Tittelen erkehertug vart nytta av medlemmar av keisarfamilien og erkehertugdøme vart først formelt oppløyst i 1918 då Austerrike-Ungarn kollapsa og dei skilde forbundslanda Niederösterreich og Oberösterreich vart danna i den nye republikken Tysk Austerrike.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]