Schwarzenstein
Schwarzenstein | |||
fjell | |||
Schwarzenstein er det brekledde fjellet midt på biletet
| |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Zillertaleralpane | ||
Høgd | 3 369 moh. | ||
Primærfaktor | 341 m | ||
Førstestiging | 1852 | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Schwarzenstein | |||
Wikimedia Commons: Schwarzenstein (Zillertaler Alpen) | |||
Schwarzenstein er ein 3 369 meter over havet høg fjelltopp i Zillertalalpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol. Fjellet ligg på hovudfjellkjeda i området. Langs alle fjellsidene breier isbrear seg.
I august 1852 kleiv dei fyrste menneska til topps på Schwarzenstein. Turen vart føreteke som ein del av den militære oppmålinga av landet. Ein oberst Langner og folka hans gjekk opp frå Luttach i Ahrntal.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Schwarzenstein (Zillertaler Alpen)» frå Wikipedia på tysk, den 25. juli 2014.