Skopusfjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Scopusfjellet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°47′33″N 35°14′39″E
Skopusfjellet
הַר הַצּוֹפִים Har HaTsofim, جبل المشارف Ǧabal al-Mašārif
fjell
Skopusberg mit Universitaet.jpg
Hebraisk universitet og tårnet på Skopusfjellet frå sør
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Jerusalem distrikt
Fjellkjede Judeafjella
By Jerusalem
Høgd 826 moh
Koordinatar 31°47′33″N 35°14′39″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mount Scopus

Skopusfjellet (hebraisk הַר הַצּוֹפִים Har HaTsofim; arabisk جبل المشارف Ǧabal al-Mašārif, جبل المشهد Ǧabal al-Mašhad eller جبل الصوانة Ǧabal al-Swana) er eit fjell (826 meter over havet) nordaust i Jerusalem. etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Skopusfjellet ein SN-verna israelsk eksklave i det Jordan-styrte territoriet, fram til seksdagarskrigen i 1967. I dag ligg Skopusfjellet innafor kommunegrensene til byen Jerusalem.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Åsryggen aust for både den gamle og moderne Jerusalem gjev flott utsyn over byen. Sidan hovuddelen av ryggen heiter Oljeberget, vart namnet «utkikk» nytta om ein topp nordaust for gamlebyen. Dette har ført til dei forskjellige namna på hebraisk arabisk, gresk og latinsk, som alle tyder «utkikk».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Med utsyn over Jerusalem var Skopusfjellet ein strategisk viktig stad som base, der ein kunne angripe byen frå. Den 12. romerske legionen hadde leir her i 66 evt.[1] I år 70 evt., då krigen var over og øydelegginga av Det jødiske tempelet vart Skopusfjellet nytta som ein base for den endelege kringsetjing av byen av den same 12. legionen, i tillegg til andre legionar.[2]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Den nøyaktige plasseringa av Skopusfjellet er ikkje kjend. Han er i antikke kjelder skildra å vere i nordaust på ryggen som omfattar Oljeberget, og som ruvar over Jerusalem i aust. Då sionistorganisasjonen valte å bygge eit nytt jødisk institutt for høgare utdanning, som etter kvart vart Det hebraiske universitetet, meinte dei det var uklokt å prøve å få midlar til å legge dette til Oljeberget, som er viktig for kristendomen. Dei valte i staden ei høgd i nærleiken, som dei valte å kalle Skopusfjellet. Namnet vart etter kvart daglegdags.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rome and Jerusalem; The Clash of Ancient Civilizations. Martin Goodman s.13
  2. "The Jewish Wars" Josefus v 81 and 82

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skopusfjellet