Sekundærnæringar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sekundærnæringar er næringar der ein omformar råvarer til halvfabrikata (foredla råvarer) eller ferdige produkt, salvarer. Nemninga viser særleg til industri i ulike former, som næringsmiddelindustri, tekstilindustri, prosessindustri, kjemisk industri og petrokjemisk industri. Næringsgruppa omfatter også bergverk, vass- og kraft-forsyning samt bygg og anlegg. Sekundærnæringane fekk ei særleg viktig rolle i tida etter den industrielle revolusjon, der produksjon og behandling av råvarer danna ei vesentleg bestanddel for framveksten av det moderne samfunnet.

Tekstilindustri[endre | endre wikiteksten]

I mange land har tekstilindustrien vore den første moderne næringssektoren. Organiseringa av tekstilindustrien har oftast vore slik at risikoen for å gjere kostbare feil er liten. Tekstilindustrien nytta(r) for ein stor del kvinneleg arbeidskraft. Denne arbeidskrafta er gjerne rimeleg, det same er vanlegvis råstoffet.

Prosessindustri[endre | endre wikiteksten]

Prosessindustri er ei form for industri som har eit enormt behov for energi. Dette kan vere både smelteverk, eller andre verksemder som bearbeidar metall. Prosessindustrien er særs kapitalkrevjande. Maskinindustri er industri som produserer skip, bilar og syklar. Denne typen industri er relativt avansert, og krev at ein er svært nøyaktig i produksjonsprosessane.

Næringsmiddelindustri[endre | endre wikiteksten]

Næringsmiddelindustrien består av bedrifter som produserer matvarer og drikkevarer, samt andre næringsmiddel. Til grunn for industrigreina ligg råvarer frå landsbruket og frå fiskeria.

Kjemisk industri[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonell kjemisk industri leverer kjemiske produkt. Mange av desse er halvfabrikata som inngår i annan industriproduksjon, eller ferdige produkt som til dømes dynamitt og legemidlar.

Petrokjemisk industri[endre | endre wikiteksten]

Petrokjemisk industri baserer seg på råvarer frå petroleumsprodukt frå eit raffineri, der olje og gass er destillert til ulike produkt. I si enklaste form er petrokjemisk industri oljeutvinnings- og raffineringsanlegg, men også fabrikkar som leverar plastikkprodukt basert på raffinering av olje og/eller gass er i denne kategorien.

Olje- og gassindustri[endre | endre wikiteksten]

Denne industrigreina «produserer» råolje og rågass til utvinningsanlegg både til lands og til havs. Næringsaktørane i denne industrien gjer råvarene tilgjengelege for konsumentar, det vere seg drift av fabrikkar, skip med meir.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]