Primærnæringar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Primærnæringar er næringar som framstiller råvarer, som landbruk og sjøbruk. Denne næringa gav tradisjonelt mat og inntekter til store delar av folket i Noreg, men dette endra seg på 1800-talet. Då byrja folk å flytte frå landsbygda og inn til byane, mange for å jobbe i sekundærnæringar. Den store endringa som kom i denne perioden vert kalla det store hamskiftet.

Landbruk[endre | endre wikiteksten]

Landbruk femnar om næringar som jordbruk, hagebruk, skogbruk, reindrift, jakt, fangst og sanking. I Noreg har endringa i sysselsetjinga heldt fram heilt til i dag, det vert til dømes stadig færre og færre gardsbruk att. Til samanlikning var 20 % av folket i Noreg sysselsette i jordbruket i 1950, medan det i dag berre er om lag 2 %. Produksjonen har likevel auka sidan den gongen.

Sjøbruk[endre | endre wikiteksten]

Sjøbruk femnar om næringar som fiske og fiskeoppdrett. Det er i dag mange færre fiskarar i Noreg enn tidlegare. Samstundes har fangstmengda auka, og fiskeoppdrett har vore ei næring som har vokse stort sidan produksjonen byrja, tidleg på 1970-talet.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Westersjø Martin, Laurizen Åse og Berg Jorun: Standpunkt – Samfunnsfag for videregående skole – fellesfag (Oslo: Damm, 2006)