Selevkos I Nikator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Selevkos I Nikator

Konge av Selevkideriket
Regjeringstid305 –281 f.Kr.
greskΣέλευκος Νικάτωρ
Føddca. 358 f.Kr.
FødestadEuropos i Orestis i Makedonia
Død281 f.Kr.
DødsstadLysimacheia i Trakia
GravstadSeleucia Pieria
Gift med1) Apama
2) Stratonike
DynastiSelevkide-dynastiet, Selevkidriket
FarAntiokos
MorLaodike
BornAntiokos I Soter, Fila II, Achaeus

Selevkos I (ca. 358 fvt – 281 fvt.), med tilnamnet Nikator gjeve av seinare generasjonar (gresk Σέλευκος Νικάτωρ; Selevkos Nikator, 'Sigersherre'), var ein leiande makedonsk hærførar og offiser i det koriniske forbundet til Aleksander den store og ein av diadokane. I diadokekrigen, som fann stad etter Aleksander døydde i 323 fvt., etablerte Selevkos eit eige dynasti, Selevkidedynastiet, og sitt eige rike, Selevkideriket. Kongedømet hans vart ein av dei siste gjenverande delane av det veldige riket som Aleksander tidlegare hadde og som stod imot ekspansjonen til Romarriket. Det var berre Det ptolemeiske kongedømet i Egypt som varte lengre med rundt 34 år.

Etter Aleksander døydde vart Selevkos nominert som satrap av Babylon i 320 fvt. Han vart tvinga av Antigonos I Monofthalmos, ein av dei andre diadokane, til å flykte frå byen, men med støtte frå Ptolemaios I Sotar i Egypt var han i 312 f.Kr. i stand til å kome tilbake. Seinare erobra Selevkos mellom anna Persia og Media. Han tapte mot keisaren av India, Chandragupta Maurya, og aksepterte ein ekteskapsallianse for 500 elefantar etter å ha avstått område som vart vurderte som ein del av India. Selevkos sigra over Antigonos i slaget ved Ipsos i 301 fvt. og Lysimakhos, ein annan av diadokane, i slaget ved Korupedion i 281 fvt. Han vart myrda av Ptolemaios Keraunos, konge av Makedonia, det same året og vart etterfølgd av sonen sin Antiokos I Sotar.

Selevkos grunnla ei rekkje nye byar, blant dei Antiokia og Seleukia, begge i dag ein del av høvesvis Tyrkia og Irak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.