Selkuparar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein selkupman med hunden sin.

Selkuparar er eit folkeslag som bur nord i Vest-Sibir. Før 1930-talet vart dei kalla ostjak-samojedar. Ved den russiske folketeljinga i 2010 vart det registrert 3649 selkuparar. Om lag 1000 av desse tala selkupisk.[1]

Selkuparane bur nord i Tomsk oblast, i Jamalo-Nenetsk, Nenetsia og Krasnojarsk kraj. Det finst to grupper av selkuparar – nordlege (som kallar seg sjølv solkup, sjolkup) og sørlege (tsjumyl kup, susse kum eller sjosj kum).

Det selkupiske språket høyrer til den samojediske greina av den uralske språkfamilien. Det er sterkt utrydningstruga. Selkuparane har tradisjonelt vore animistar og sjamanistar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010