Sentrisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sentrisme som politisk omgrep tyder ofte ein uklar eller inkonsekvent sentrumsposisjon mellom to klarare eller meir konsekvente posisjonar, i auga til den som nyttar omgrepet.

Nemninga vart iallfall bruka slik av kommunistar etter kløyvinga i den internasjonale arbeidarrørsla i to hovuddelar, ein sosialdemokratisk og reformistisk, ein revolusjonær og kommunistisk, etter den russiske revolusjonen i 1917. Ordet vart da bruka om radikale sosialistar som verken var nøgde med dei gamle arbeidarpartia som hadde svikta da første verdskrigen braut ut i 1914, eller var villige til å følgje alle parolar frå den nye kommunistiske Tredje Internasjonalen. Slike venstresosialistiske parti fanst i ein del land, og i somme land var dei store. Det gjaldt mellom andre Det austerrikske sosialdemokratiske partiet SDAP, den jødiske sosialistrørsla Bund i Polen og Det norske Arbeidarpartiet, som alle hadde ein slik såkalla sentristisk posisjon i mellomkrigstida.

Om ein ser bort frå ordet sentrisme nytta som skjellsord, kan ein velgrunna kritikk av somme sosialistiske parti vere at dei har hatt eit stort sprik mellom revolusjonær teori og reformistisk praksis. Det klaraste historiske dømet som ofte blir nemnt er Det tyske sosialdemokratiske partiet SPD før første verdskrigen, og eit slikt skilje mellom teori og praksis har òg vorte kalla sentrisme. Dette spriket vart i SPD kritisert både av Rosa Luxemburg, som ville ha ein meir revolusjonær praksis, og Eduard Bernstein, som ville ha ein teori og ordbruk som var i samsvar med den reformistiske praksisen.