Setningsledd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit setningsledd er det grunnleggjande elementet, dvs. ord eller uttrykk som kan vere særmerkt i ei setning på grunn av funksjonen det utfører. Funksjonane kan vere skildra takka vere syntaktisk analyse. Det finst seks typar setningsledd: verbal, subjekt, direkte objekt, indirekte objekt, predikativ og adverbial. Det er viktig å skilje mellom syntaktiske setningsledd og morfologiske ordklasser.

Døme:

Den unge Jonas rid ein hest saman med venen sin midt i skogen.

I denne setninga opptrer alle dei moglege setningsledda i norsk syntaks, nemleg:

  •    subjekt – emne til setning,
  •    verbal – kjerne til eit predikat som sier kva som subjektet gjer i aktive setningar, eller kva som skjer med det i passive setningar,
  •    objekt – det handlinga i ei setning er retta mot,
  •       adverbial – utfyller verbalet,
  •    predikativ – utfyller subjektet, eller eit anna nominalledd i ei setning.

Vidare kan setningsledd klassifiserast som:

  •       primære setningsledd (subjekt og verbal),
  •             sekundære setningsledd (objekt, adverbial og predikativ).

I visse språk, til dømes i mesteparten av romanske språk og slaviske språk krevst det ikkje subjektet for å lage ei fullstendig setning og difor er subjektet ogso sekundær setningsledd. Desse språka vert kalla for pro-drop-språk.