Sevje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sevje tappa frå ein daddelpalme.

Sevje eller save er ei næringsrik planesaft som finst i dei ytre delane av veden til tre og buskar om våren. Ho inneheld sukker, nitrogenhaldige organiske bindingar og uorganiske ion. Det meste av den organiske næringa stammar frå lagra stoff som stive, som finst i levande celler i vedvevet (parenkym og margstråler). Om våren blir stiva spalta til sukker som vandrar inn i ledningsbanane. Sevja tjner som næring når knoppane veks og utviklar seg, og seinare for veksten av dei unge blada.

Sevjetapping frå bjørk i Aust-Tyskland.

Nokre sevjer kan brukast som næringsmiddel av menneske og dyr. Bjørkesevje eller bjørkesaft har tradisjonelt vore brukt til drikke, søtingsmiddel i til dømes bakverk, eller gjæra som bjørkevin. Lønnesirup er eit utbreidd søtingsmiddel i nordamerikansk matlaging, til dømes til pannekaker. Palmesevje kan drikkast som palmesaft, kondenserast til palmesukker, gjærast til palmevin eller destillerast vidare til arak.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Sevje» (2004-02-04). Institutt for biovitenskap. Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet. Universitet i Oslo. Besøkt 2013-08-03
  • «Sevje» (2012-03-09). Store norske leksikon.] Vitja 13. juni 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sevje