Shamrock Diaries

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shamrock Diaries
Studioalbum av Chris Rea
Språk engelsk
Utgjeve 1985
Innspelt desember 1984
Sjanger Albumorientert rock
Selskap Magnet
Produsent Chris Rea, David Richards
Chris Rea-kronologi 
Wired to the Moon
(1984)
Shamrock Diaries On the Beach
(1986)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars lenkje

Shamrock Diaries er det sjuande studioalbumet til Chris Rea, gjeve ut i 1985.

Albumet representerer byrjinga på det kreative og kommersielle høgdepunktet til Rea. Shamrock Diaries vart ein bestseljar i Europa og nådde topp 20 i mange land, inkludert Irland, Tyskland, Nederland og Storbritannia. Albumet vart òg ein stor suksess i Australia, der det nådde toppen av albumlista.

Oppsummering[endre | endre wikiteksten]

Songen «Stainsby Girls» vart skriven som ei hyllest til kona Joan. Denne vart gjeven ut på singel og vart den første singelen hans på topp 30 sidan «Fool (If You Think It's Over)»

Ein av dei mest populære songane på albumet, «Josephine», vart skriven av Rea for dottera med same namn. Rea skreiv seinare ein song den yngste dottera, Jula, på albumet Espresso Logic (1993).

«Josephine» er ein song som Rea har spelt inn fleire gonger. Versjonen på albumet vart sidan på seinare CD-utgåva erstatta av ein «disco»-versjon, som dannar grunnlaget for den seinare versjonen «Josephine (La version Francais)». Den originale LP-versjonen var seinare tilgjengeleg på den franske utgåva av The Best of Chris Rea i 1998. Det finst òg ein versjon spelt inn i 1988 for New Light Through Old Windows, som òg finst på The Best of Chris Rea frå 1994. I tillegg finst det ein meir langsam versjon spelt inn for den amerikanske utgåva av New Light Through Old Windows i 1988, som òg finst på Very Best of Chris Rea frå 2001, men denne er ikkje den same som vart nytta i den originale videoen frå 1985. Til slutt finst det nok ein versjon som vart gjeve ut på den tyske versjonen av Fool (If You Think It's Over) - The Definitive Greatest Hits.

«Josephine» vart òg sampla i 2000 av Superfunk for songen deira «Lucky Star», med Ron Carroll, men samplinga kjem frå ein annan (kortare) versjon av songen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Chris Rea.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Steel River»6:15
2.«Stainsby Girls»3:51
3.«Chisel Hill»4:03
4.«Josephine» (3:56 på seinare utgåver)4:26
5.«One Golden Rule»4:29
Side to
Nr.TittelLengd
6.«All Summer Long»4:09
7.«Stone»4:23
8.«Shamrock Diaries»4:55
9.«Love Turns To Lies»4:11
10.«Hired Gun»8:03

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Chris Rea – vokal, gitar, organ, klaverinstrument, synthesizer, slidegitar, produsent
  • Robert Ahwai – gitar
  • Simon Nicol – gitar
  • Eoghan O'Neill – bass
  • Kevin Leach – klaverinstrument
  • Max Middleton – klaverinstrument
  • Annie Whitehead – trombone
  • Dave Mattacks – trommer
  • Adrian Rea – trommer
  • Martin Ditcham – perkusjon
  • David Richards – produsent, lydteknikar
  • Barry Hammond – lydteknikar

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Stainsby Girls» med «And When She Smiles», «Sunrise», «Dancing Shoes», «September Blue»
  2. «Josephine» med «Josephine (Remix)», «Everytime it rains»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]