Shay Brennan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shay Brennan
Fødd 6. mai 1937
Fødestad Manchester
Død 9. juni 2000
Dødsstad Waterford

James Seamus Anthony Brennan, kjend som Shay Brennan, (6. mai 19379. juni 2000) var ein irsk fotballspelar fødd i Manchester i Storbritannia. Med Manchester United vart han to gongar ligameister og vinnar av europacupen i 1968, med Waterford FC i Irland vann han to seriemeisterskap somm spelande trenar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Brennan debuterte på Manchester United i ein FA-cupkamp mot Sheffield Wednesday 19. februar 1958, klubbens fyrste kamp etter flyulukka i München der 8 spelarar omkom. Brennan var vengspelar og skåra to av målå då United vann 3-0. Etter nokre sesongar i anprepsrekka flytta trenaren Matt Busby han ned på høgrebackplass i 1961. Brennan fekk ikkje plass mellom dei utvalde 11 til FA-cupfinalen 1963, men var fast i laget då Manchester United tok heim ligatittelen i 1965 og på ny i 1967. Høgdepunktet kom då United, med Brennan på plass, slo Benfica i europacupfinalen 1968 på Wembley stadion og vart det fyrste engelske laget som triumferte i serievinnarcupen.

Etter han hadde falle utom fyrsteellevaren i United flytta Brennan i 1970 til Waterford FC i Irland. Dei fire åra fram til 1974 var han spelande trenar for laget, som både i 1972 og 1973 vart irsk seriemeister.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Brennan spelte 19 kampar på Irlands landslag i åra 1965-66 og 1969-70. Han debuterte med ein heimesiger mot Spania, men sidan opplevde han einast to sigrar med landslaget og kom aldri på skåringslista.

Brennan døydde av hjertesvikt i Waterford, 63 år gammal, medan han spelte golf.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]