Shaybah-feltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 21°43′25.6″N 53°39′26″E
Shaybah-feltet
شيبة
oljefelt
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Koordinatar 21°43′25.6″N 53°39′26″E
Tidssone UTC+03:00 (UTC+2)
 - Sommartid +3
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg

Shaybah oljefelt er eit stort produksjonsområde for råolje i Saudi-Arabia, kring 40 km nord for ørkenen Rub' Al-Khali. Det ligg kring 10 km sør for grensa til Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata, som er ei rett linje strekt gjennom ørkenen. Det ligg 40 km sør for den austlege delen av Liwa-oasen i Abu Dhabi.

Shaybah vart utvikla for å hente ut olje frå Shaybah-feltet. Det vart grunnlagd av Saudi Aramco i 1990-åra, og før dette fanst det berre humpete stiar som vart nytta av geologane som utforska denne aude ørkenregionen. Alt materiale for å byggje Shaybah vart transportert 800 km frå Dhahran til Shaybah via veg.

Shaybah har bustader for 1 000 mann, administrative kontor, ei flystripe, ein brannstasjon, fritidsområde, verkstader og kraftstasjonar. Det går ein 650 km lang fiberoptisk kabel frå Shaybah til hovudradiosystemet ved Abqaiq.

Då det vart oppretta var det estimert at Shaybah-feltet inneheld 14 had estimated reserves of over 14 milliardar fat med råolje og 710 km³ med gass. Saudi Aramco sette prosjektet i drift i 1998. Oljereservoaret ligg 1494 meter under overflata og er 122 meter tjukt. Oljerøyrleidninga frå Shaybah-feltet til Abqaiq er 638 km lang og 735 km lang med røyra innafor sjølve feltet.

Vêret i Shaybah er ekstremt med temperaturar som fell til 10 ºC om natta på vinteren til 50 ºC på dagen om sommaren. Her er ofte sandstormar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]