Liwa-oasen
| Liwa-oasen | |||
| oase | |||
Satellittbilete som syner beltet av oasar langs nordsida av ørkenen Rub' al Khali. Den umerkte grensa med Saudi-Arabia er ei raud linje. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Emirat | Abu Dhabi | ||
| Koordinatar | 23°08′N 53°46′E / 23.133°N 53.767°E | ||
| Folketal | 20 196 (2005) | ||
![]() Liwa-oasen 23°08′00″N 53°47′00″E / 23.133333333333°N 53.783333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Liwa Oasis | |||
Liwa-oasen (arabisk واحة ليوا, Wāḥḥat Līwā) er ein stor oase i Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Liwa-oasen ligg kring 100 km sør for kysten av Persiabukta og 150 km sør-sørvest for byen Abu Dhabi i Al Gharbia-området, langs nordkanten av ørkenen Rub' al Khali. Han strekkjer seg kring 100 km frå aust til vest, langs ein boge i nord. Det ligg kring 50 landsbyar i oasen. Det geografiske og økonomiske senteret i oasen er Muzayri`, der hovudvegen frå Abu Dhabi går inn i oasen, og så deler seg i aust og vest.
I følgje ei folketeljing i 2005 var folketalet 20 ,196.[1]
Landsbyane i Liwa-oasen er dei sørlegaste busetjingane i Abu Dhabi og Dei sameinte arabiske emirata. Sørgrensa til Abu Dhabi med Saudi-Arabia, som ligg mellom 16 og 35 km frå oasen, er ei rett linje i ørkenen, som er stort sett folketom. Mahdar Bin `Usayyan er den sørlegaste landsbyen i Emirata, og den austlegaste i oasen. 10 km sør for grensa og 40 km sør for den austlege delen av oasen, ligg det saudiarabiske oljeanlegget Shaybah. Det er ingen veg mellom Liwa-oasaen og Shaybah, og ingen grenseovergang.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Ei viktig næring i oasen er dyrking av dadlar. Det er mykje bruk av dryppvatning og drivhus. Turisme vert stadig viktigare, og her finst eit par hotell, hovudsakleg for embets- og forretningsfolk.[2] I nærleiken ligg Moreeb-dynene, 22 km sør for Muzayri` langs ein liten veg. Med ei høgd på 300 meter er dei av dei største sanddynene i verda, og tiltrekkjer seg turistar kvart år under Liwa-festivalen.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Oasen er fødestaden til dei regjerande familiane i Abu Dhabi og Dubai. I 1793 flyttar herskarfamilien Al Nahyan frå Liwa til byen Abu Dhabi.[4]
Tradisjonelt var menn frå Liwa (bani yas-stamma) perledykkarar på kysten om sommaren.
Landsbyar
[endre | endre wikiteksten]| Landsby | arabisk | |
|---|---|---|
| `Aradah | عرادة | |
| Milqatah | ملقطة | |
| Al `Idd | العيد | |
| Al Mariyah al Gharbiyah | المارية الغربية | |
| Humar | حمار | |
| Khannur | خنور | |
| Hamarur | حمرور | |
| Taraq | طرق | |
| Mujib | مجيب | |
| Kayyah | كية | |
| Zuwayhir | ظويهر | |
| Wafd | وفد | |
| Umm al Qurayn | أم القرين | |
| Qutuf | قطوف | |
| Al Atir | العاطر | |
| Al Mariyah | المارية | |
| Zafir | ظفير | |
| Jayf | جيف | |
| Muzayri` | مظيري | |
| Nafir | نافر | |
| Huwaylah | حويلة | |
| Qurmidah | قرمدة | |
| Hafif | هفيف \ حفيف | |
| `Attab | عتاب | |
| Shah | شاه | |
| Huwaytayn | حويطين | |
| Sabkhah | سبخة | |
| Al Hadhi | الهذي | |
| Tharwaniyah | ثروانية | |
| Al Mashrub | المشرب | |
| An Nashshash | النشاش | |
| Dahin | داهن | |
| Wadhil | واظل | |
| Mawsil | موصل | |
| Al Khis | الخيس | |
| Qu`aysah | قويسة | |
| Hamim | حميم | |
| Jurayrah | جريرة | |
| Mahdar Bin `Usayyan | مهدر بن عصيان |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Liwa Oasis» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Abu Dhabi Report
- ↑ http://qasralsarab.anantara.com/
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 23. august 2021, henta 6. juni 2016
- ↑ Motohiro, Ono (March 2011). «Reconsideration of the Meanings of the Tribal Ties in the United Arab Emirates: Abu Dhabi Emirate in Early ʼ90s» (PDF). Kyoto Bulletin of islamic Area Studies 4–1 (2): 25–34. Henta 17. april 2013.

