Hopp til innhald

Sheerness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sheerness
by
Klokketårnet.
Foto: Penny Mayes
Land  England
Region Kent
Distrikt Swale
Folketal 13 252 (2021)[1]
Postnummer ME12
Retningsnummer 0 1795
Kart
Sheerness
51°26′28″N 0°45′39″E / 51.441111111111°N 0.76083333333333°E / 51.441111111111; 0.76083333333333
Wikimedia Commons: Sheerness

Sheerness er ein by på øya Sheppey i Kent i England. Han er den einaste byen og den største busetnaden på øya, med 13 000 innbyggjarar.

I 1667 vart Sheerness angripen av 72 nederlandske skip. Dei tvinga det vesle fortet i byen til å overgje seg, og landsette ein styrke som i ein kort periode okkuperte byen. Samuel Pepys var i Gravesend då dette skjedde, og skreiv i Dagboka at han tydeleg høyrte kanonane. Han skunda seg i tryggleik i Brampton i Huntongdonshire.

Det vart anlagt eit kongeleg verft ved Sheerness, som ikkje var så stort som det ved Chatham og Deptford, men som likevel var noko viktig i tudor- og stuarttida.

Kommunikasjon og næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

I 1860 vart byen forbunde til fastlandet med ei jernbanelinje frå Sittingbourne. Samtidig vart ei ny ferjeteneste opna, med betre forhold enn dei gamle ferjene som tidlegare hadde vore einaste transportmidlet over Swalekanalen.

Ei ny grein av jernbanen, til Queenborough, vart opna noko seinare og førte til at det vart starta dampskipstrafikk til Flushing i Nederland, ei rute som vart driven i mange år.

Ein smalspora jernbane vart lagt frå Sheerness til landsbyane på den andre sida av øya i 1901. Denne er no nedlagt.

Hamna er fortsatt viktig, og omfattande transport av eksport- og importvarer gjev næringsgrunnlag til mange av innbyggjarane. Det er særleg bilar og større stålgjenstandar som må fraktast over hamna.

  1. «Parish Profiles». folketelling i Storbritannia 2021. Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sheerness