Sheila Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sheila Young

Sheila Young 1975.jpg

Statsborgarskap USA
Fødd 14. oktober 1950
Birmingham
Idrett lengdeløp på skeiser, sykling
Yrke skøyteløpar, sykkelryttar

Sheila Grace Young (fødd 14. oktober 1950) er ein USA-amerikansk tidlegare skeiseløpar og syklist, fødd i Birmingham i delstaten Michigan. Ho vart trefaldig sprint-verdsmeister på skeiser i tida 1973-76 og like eins i sykkelsprint i tida 1973-81. Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck vart ho olympisk meister på 500 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Vinteren 1973 vann Young ein suveren siger under sprint-VM på skeiser på Valle-Hovin i Oslo og ho sette i Davos verdsrekord på 500 m med 41,8 sekundar. Vel seks månader seinare tok ho ein ny VM-tittel, då i sprint-sykling på bane i spanske San Sebastian. I februar 1975 sikra Young seg i Göteborg VM-tittel nummer to i sprint-VM, ei veke før ho enda på tredjeplass i firkamp-VM i Assen i Nederland. Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck vann ho i løpet av tre dagar sølv på 1500 m, gull på 500 m og bronse på 1000 meter. Sidan i OL-sesongen vart ho nummer tre i firkamp-VM på Gjøvik og der etter sikra ho seg VM-tittel nummer tre på skeiser då sprint-VM fann stad i Vest-Berlin. Gjennom OL-sesongen forbetra ho verdsrekorden på 500 m til fyrst 40,91 sekundar i Davos og så 40,68 i vesttyske Inzell.

Young under Skeise-VM 1974 i Heerenveen

Young satsa frå sommaren 1976 mest på sykling. Hausten 1976 vann ho VM i sprint-sykling i Monteroni di Lecce i Puglia-provinsen i Italia. Fem år etter tok ho VM-tittel nummer tre i sykling på bane i Brno, medan ho i 1982 vart ho slått i finalen av landskvinna Connie Paraskevin då sykkel-VM vart avvikla i Leicester.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]