Shep and the Limelites

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shep and the Limelites
Opphav USA
Sjanger Doo-wop
Aktive år 1960-1966

Shep and the Limelites var ein amerikansk doo-wop-trio tidleg i 1960-åra,[1] som bestod av James «Shep» Sheppard (1935-1970), Clarence Bassett (1936-2005) og Charles Baskerville (1936-1995). Dei er mest kjend for hitten «Daddy's Home» frå 1961, som vart skriven av mellom andre Sheppard.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Sheppard og Bassett var begge frå Queens i New York, og Baskerville kom opphavleg frå Virginia. Dei sette saman gruppa i Queens i 1960 og kalla seg opphavleg Shane Sheppard and The Limelites, men endra kjapt namn til berre Shep and the Limelites. Alle tre hadde tidlegare erfaring i andre grupper: Shep med The Heartbeats (kjend for «A Thousand Miles Away»); Bassett med The Five Sharps og så Baskerville i The Videos.[1]

Shep & The Limelites spelte inn musikk for Hull Records frå og med august 1960. Dei spelte inn originalversjonen av «Daddys Home» den 1. februar 1961. «Daddy's Home» nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i mai,[1] og vart sidan spelt inn av P.J. Proby (1970) Jermaine Jackson (1972), Toots and The Maytals (Funky Kingston 1973), Junior English og Cliff Richard (1981). Dei fekk ikkje like stor suksess med andre songar, men selde likevel godt med «What Did Daddy Do», «Ready For Your Love» og «Our Anniversary».[2]

Kahl Music, som var forleggjar av «A Thousand Miles Away», ein tidlegare song som Sheppard hadde skrive, saksøkte Keel Music, forleggjaren for «Daddy's Home», for brot på opphavsretten. Keel tapte til slutt og dette førte til slutten for The Limelites og Hull Records i 1966. Bassett vart med i The Flamingos og Baskerville i The Players og så The Drifters. Sheppard starta opp att The Limelites seint i 1960-åra, men vart myrda den 24. januar 1970.[1] Han omkom i bilen sin på Long Island Expressway som følgje av skadar han fekk under eit ran.[2][3] Baskerville døydde 58 år gammal den 18. januar 1995 i New York.[4] Bassett døydde den 25. januar 2005, 68 år gammal av emfysem i heimen sin i Richmond i Virginia.[5]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Too Young to Wed» / «Two Lovin' Hearts» Apt 25039 1960
  • «I'm So Lonely» / «One Week from Today» Apt 25046 1961
  • «Daddy's Home» / «This I Know» Hull 45-H-740 Mar 1961
  • «Ready for Your Love» / «You'll Be Sorry» Hull 45-H-742 May 1961 [6] charted at #42
  • «Three Steps From The Alter»/«Oh, What a Feeling» Hull 45-H-747 1961
  • «Our Anniversary» / «Who Told the Sandman» Hull 45-H-748 Feb 1962

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Biography by Andrew Hamilton». Allmusic.com. Henta 21. februar 2018. 
  2. 2,0 2,1 Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 208. CN 5585. 
  3. Andrew Hamilton (1970-01-24). «Shep & the Limelites | Biography & History». AllMusic. Henta 21. februar 2018. 
  4. Doc Rock. «The Dead Rock Stars Club 1994 - 1995». Thedeadrockstarsclub.com. Henta 21. februar 2018. 
  5. Doc Rock. «The Dead Rock Stars Club 2005 - January to June». Thedeadrockstarsclub.com. Henta 21. februar 2018. 
  6. American Singing Groups: A History from 1940 to Today Jay Warner - 2006- Page 220 Shep and the Limelites to Young to Wed / Two Lovin' Hearts Apt 25039 1960 I'm So Lonely / One Week From Today Apt 25046 1961 Daddy's Home / This I Know Hull 740 1961 Ready for Your Love / You'll Be Sorry .

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]