Shunt i medisin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Auskultasjon av normale og abnorme hjartelydar

Ein shunt er ein kunstig eller naturleg anastomose, eit hol eller ei trong opning som flyttar, eller som opnar for rørsla av væske frå ein kroppsdel til ein annan.[1] Omgrepet kan skildrast som medfødd eller erverva. Erverva shunt kan vere anten biologisk eller mekanisk.

Typar[endre | endre wikiteksten]

  • Kardial shunt — eit blodstraummønster i hjarta som vikar frå den normale kretsen i kretsløpssystemet. Kan skildrast som høgre-til-venstre, venstre-til-høgre eller bidireksjonell, eller som systemisk-til-pulmonal eller pulmonal-til-systemisk.
  • Cerebral shunt — ved hydrocefalus og andre tilstandar som fører til kronisk auking i hjernetrykk, blir det brukt ein tilbakeslagsventil for å tappe cerebrospinalvæske frå hjernen og vidare ut i andre kroppsdelar. Denne ventilen plar å vere utanfor hovudskallen, men under huda, ofte ein stad bak øyret.
  • Lumboperitoneal shunt — ved kronisk auking i hjernetrykk, til dømes idiopatisk intrakraniell hypertensjon eller hydrocefalus, blir det brukt ein shunt, med eller utan tilbakeslagsventil, for å tappe overflødig cerebrospinalvæske frå hjernen til peritonealhola i buken. Denne shunten blir vanlegvis satt inn mellom to av ryggvirvlane i lumbalregionen, der den punkterar sekken med cerebrospinalvæske eller subaraknoidalrommet. Den går vidare gjennom huda til peritonealhola, der den blir tappa av det normale drenasjesystemet i kroppen.
  • Peritoneovenøs shunt — ein shunt som tappar peritonealvæske frå peritoneum til vener, vanlegvis den indre halsvena eller øvre holvena. Dette blir stundom brukt hjå pasientar med refraktær ascites. Det blir brukt eit langt røyr med tilbakeslagsventil som går subkutant frå peritoneum til den indre halsvena i nakken, som gjer at ascitesvæske kan renne direkte ut i kretsløpssystemet.
Moglege komplikasjonar:
  1. Bløding frå åreknutar (varicar)
  2. Disseminert intravaskulær koagulasjon (DIC)
  3. Trombose av vena cava superior
  4. Lungeødem

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arnesen, Harald (13. februar 2009). «shunt». Store medisinske leksikon. Henta 26. februar 2015.