Hopp til innhald

Side Brok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Side Brok
Aktiv2000–
SjangerHiphop
PrisarÅrets nynorskbrukar

Side Brok er ei hip-hop-gruppe frå Hovdebygda i Ørsta kommuneSunnmøre. Namnet Side Brok, ‘sid brok’, spelar på den vide «saggebuksa» som vert nytta i hip-hop-kulturen.

I bandet spelar Runar Gudnason (elles kjent som «Sjef R» eller «Thorstein Hyl III»), Bård Aasen Lødemel («Skatebård» eller «Sirkel sag») og Oddgeir Kristensen («Odd G»).

I 2003 blei gruppa kåra til Årets Urørt av NRK P3.

Gruppa fekk prisen Årets nynorskbrukar frå Nynorsk kultursentrum i 2004.

Side brok fekk Storegutprisen saman med Runar Gudnason i 2021.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2002 - Side Brok EP
  • 2004 - Høge Brelle
  • 2005 - Side Brooklyn EP
  • 2006 - Kar Me Kjøme Frå
  • 2009 - Ekte Menn
  • 2013 - H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nordal, Svein (30. august 2021), «(+) Storegutprisen til Runar Gudnason og Side Brok», morenytt.no (på norsk), henta 22. juli 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]