Sideritt
Sideritt | |
![]() Sideritt frå Brasil | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Karbonatmineral |
Kjemisk formel | FeCO3 |
Strunz-klassifisering | 05.AB.05 |
Dana-klassifisering | 14.01.01.03 |
Identifikasjon | |
Farge | bleik gul til gyldenbrun, grå, brun, grøn, raud, svart og stundom nesten fargelaus |
Krystallform | Søyleforma krystallar, ofte kurva - botryoidal til massiv |
Krystallsystem | Trigonal - Heksagonal ulikesida (3 2/m) |
Tvilling | Lamellar er uvanleg på {0112} |
Kløyv | perfekt på {0111} |
Brot | Ujamn til muslig |
Fastleik | Sprø |
Mohs hardleiksskala | 3.75 - 4.25 |
Glans | glasaktig, kan vere silkeaktig til perleaktig |
Strekfarge | Kvit |
Transparens | Gjennomskinneleg til subgjennomskineleg |
Spesifikk vekt | 3.96 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) |
Brytingsindeks | nω = 1.875 nε = 1.633 |
Dobbeltbryting | δ = 0.242 |
Dispersjon (spreiing) | Kraftig |
Kjelder | [1][2][3] |
Jernspat eller sideritt er eit gulgrått til brunt mineral som består av jernkarbonat FeCO3. Det krystalliserer trigonalt og tilhøyrer kalsittgruppa. Det forvitrar lett til limonitt. Sideritt inneheld teoretisk 48 % jarn, men då det dannar blandkrystallar med dei tilsvarande magnesium- og mangankarbonat (isomorfi), vil jerngehalten i røynda vere mindre på grunn av substitusjon av desse metalla. Einskilde stader er sideritt ein viktig jernmalm, t.d. i England og Austerrike. Han opptrer i sedimentære bergartar, gjerne saman med skifer og kolfløtsar. Ureine siderittmalmar er leirjernstein og koljernstein. Mineralet finst òg på hydrotermale ertsgangar, ofte i vene krystall.
I Noreg er mineralet funne i Brevik–Bambletrakten.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Sideritt: jernspat. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/sideritt%2Fjernspat.
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/siderite.pdf Handbook of Mineralogi
- ↑ http://www.mindat.org/min-3647.html Mindat
- ↑ http://www.webmineral.com/data/Siderite.shtml Webmineral data