Sigar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sigarar av fire ulike merke.
Sigarmakar i arbeid.
Sigarkasse med sigarar i kvar sitt sylinderforma etui. Ein frittliggjande sigar ligg oppå, saman med ein sigarkuttar av typen «guillotine». Finare sigarar er tette i den enden som skal inn i munnen, slik at det må kuttast av eit lite stykke for å få ein høveleg stor opning før sigaren vert kveikt.

Sigar er eit tobakksprodukt brukt til røyking. Sigarar har sylinderform og er laga ved at innleggstobakk som er omvikla av omblad og ytst med dekkblad.[1] Den eine enden blir skoren av før røyking.[1] Ved å ha eine enden av sigaren i munnen og suge, samstundes som ein sett eld på den andre enden, får ein drege røyk i seg. For den pasjonerte sigarrøykaren er dette ei stor nyting.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «sigar» er avleidd frå spansk cigarro, men har elles uvisst opphav.[2] Ordet kan stamma frå mayaordet for røyking, sik’ar.[3] Det er også sett i samanheng med andre ord, som cigarra, spansk for 'sikade' som sigaren skulle likna på i form,[4] eller cigarral, 'lysthage'.[5]

Tillaging[endre | endre wikiteksten]

Sigarar er samansett av tre lag. Det såkalla innlegget er ei samling samanrulla tobakksblada som utgjer det indre av sigaren. Kring dette vert det rulla på eit omblad, som held innlegget saman og i rett fasong, og ytst vert det rulla på eit dekkblad som gjev sigaren ein tiltalande utsjånad over det heile, og einsarta utsjånad i høve til dei andre sigarane i sigarkassa. På kvar sigar er det ofte plassert eit «magebelte» som markerer kvaliteten.

Sigarar er ofte dyre. Det er gjerne rekna for å vere meir eksklusivt å nyte røyk frå ein sigar enn frå sigarettar eller snadde (pipe). Mest kjende og eksklusive er dei handrulla havannasigarane, som har namn etter byen HavannaCuba og vert produsert der. Handrulla sigarar er elles alltid det mest eksklusive, jamvel om dei ikkje kjem frå Cuba. Ved handrulling trykker sigarmakaren, som ofte er ei kvinne, varsamt saman innlegget med hendene før det flate og litt elastiske ombladet vert lagt på og tobakken rulla til den får skap som ein ferdig sigar. Denne sigarliknande rullen vert kutta i rett lengd og pressa saman i ei form av tre. Ved å opne forma og snu på sigaren fleire gongar, vert han heilt sylindrisk og kan takast ut og rullast inn i dekkbladet. Dekkbladet vert til slutt festa med litt vegetabilsk lim til hovudet på sigaren, som er den enden som skal inn i munnen. Sigaren er difor tett i denne enden, og må opnast før bruk ved at noko av han vert kutta elegant vekk med ein liten kniv eller ein sigarkuttar. Dei ekte mannfolkas meir røffe og ikkje alltid aksepterte måte å gjere dette på, er å bite av enden og spytte han bortetter golvplankane, kjend frå gangstermiljø skildra i mange gamle filmar.

Då spanjolane først kom til Amerika, møtte dei urfolk som røykte samanrulla tobakksblad som hadde stor likskap med sigarar. Dei tok til seg skikken, men det var først på 1800-talet at sigarar fekk større utbreiing. I Noreg er sigarar lite brukt.[1]

Dei viktigste råtobakklanda for sigarar er Indonesia, Brasil, Den dominikanske republikken og Cuba. I utgangspunktet blei sigarar rulla for hand, men etter kvart gjekk mykje av framstillinga over til å utførast maskinelt. Det har vore aukande interesse i seinare år for handrulla sigarer frå land som Cuba og Den dominikanske republikken.[1]

Ein sorterer ofte sigarar etter fargen på dekkbladet. Dei vanlegaste nemningane er amarillo, claro, colorado og maduro, der amarillo er den lysaste fargen og maduro den mørkaste.[1]

Ceruttar (cheroot) og sigarillos (liten sigar) er kjenneteikna ved at begge endane er avskorne.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Sigar», Store norske leksikon, 19. januar 2010, https://snl.no/sigar 
  2. «Sigar» i Nynorskordboka
  3. «cigar». Encyclopædia Britannica Online. 2013. Henta 22. desember 2013. 
  4. cigar i Den Danske Ordbog
  5. cigar, n..

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sigar