Sigmund Aarnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigmund Aarnes
Fødd 14. november 1851
Død

6. november 1912

Yrke politikar

Sigmund Kolbeinsson Aarnes (14. november 18516. november 1912) var ein norsk gardbrukar, lensmann, ordførar og stortingsmann frå Stryn.

Foreldra var gardbrukarar. Sjølv gjekk han 1870-71 Wollert Konow (SB) sin folkehøgskule på Halsnøy. Frå 1874 var han gardbrukar på farsgarden Årnes i Stryn. Han var lensmann i Stryn frå 1909 til han døydde tre år seinare.

Aarnes var medlem av heradsstyret i Stryn 1876-1909. Åra 1885-90 var han vararordførar og 1890-1909 ordførar. Perioden 1881-88 arbeidde han som utskiftingsmann. Elles var han forlikskommissær frå 1888 og formann i Stryn skulestyre 1890-1904. Omtrent samstundes, 1894-1908, var han formann i fylkesskulestyret.

Han var valmann frå 1879 til ordninga vart avvikla etter stortingsvalet i 1903. Aarnes var representant for Nordre Bergenhus amtStortinget 1900-03, medan han 1906-15 representerte einmannskrinsen Nordfjord på same. Han var medlem av valkomiteen 1900-03, og vegkomiteen 1900-03, 1907-12. I den siste valbolken, 1910-12, var han sekretær i vegkomiteen. Aarnes var medlem av den departementale komite til revisjon av formannskapsloven (1898) og av Den parlamentariske valkrinskommisjonen av 1900. 1904 medlem av Noregs banks representantskap.

Han døydde heime på garden sin i Stryn i 1912.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914