Sigmund Mjelve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigmund Mjelve
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. april 1926
Hubei
Død

26. november 1995 (69 år)
Moss kommune

Yrke lyrikar
Ektefelle Turid Mjelve

Sigmund Mjelve (6. april 192626. november 1995) var ein norsk lyrikar. Forfattarskapen hans var prega av motsetnaden mellom aust og vest.[1]

Mjelve var fødd i 1926 i Hubei i Kina. Foreldra hans var misjonærar, og han levde dei første tolv åra av livet i Kina.[1] Han var tilsett i Noregs Bank frå 1946 til 1983, og debuterte som lyrikar i godt vaksen alder, i 1978.[1] Han skreiv i alt 11 diktsamlingar, og ei barnebok. Han redigerte òg ein antologi med kinesisk lyrikk. Hans Dikt i utvalg kom ut i 1994, og Dikt i samling kom ut i 1996. Han mottok Gyldendals legat i 1990 og Brageprisen i 1994.[1]

Mjelve døydde i Moss 26. november 1995.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Øystein Rottem. Sigmund Mjelve i Norsk biografisk leksikon