Sigurd Nesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigurd Nesse
Sigurd Nesse.jpg
Fødd 31. mars 1852
Død

1955

Yrke forfattar, lærar

Sigurd Nesse (31. mars 18521955), opphavleg Sjur Nesse,[1] var ein norsk forfattar, lærar og målreisingsmann.

Sigurd Nesse var frå Nessane i Balestrand i Sogn og Fjordane. Han var busett ei tid i Vik. Nesse gjekk Balestrand lærarseminar og seinare Stord Lærarskule. Han var lærar i Haukedalen i Førde 1873-1877, der han skipa misjonslag. Seinare arbeidde han som lærar i Norum i Sogndal, der han kom i kontakt med målrørsla. Frå 1882 vart han tilsett som lærar i Vik, der han vart lærar på friskulen for ungdom. Denne skulen stod sentralt i ein hard målstrid i Vik. Nesse vart hundsa og forfylgd av bokmålsfolket, som skulda han både for vranglære og anna når han brukte nynorsk i undervisninga. Striden enda med at Nesse søkte seg vekk frå kommunen i 1893, og vart lærar i Eidsvoll til 1923.

Sigurd Nesse skreiv fleire skodespel, mellom anna Folk, som fekk premiere i 1901, I Apehagen (1897), Ein besættelse (1910) og Zions Mure (1921). Nesse gav også ut bøkene Sjusovarar (1897), Elsk og yrkje (1903), Vaaronn (1904), og diktsamlingane Hugsviv (1925) og Vårfrygd og hausthelsing (1939).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]