Sigurd Winge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurd Winge
Sigurd Winge (1969).jpg
Fødd 14. mars 1909
Hamburg
Død

22. januar 1970 (60 år)

Yrke kunstmålar, grafikar
Sigurd Winge på Commons

Sigurd Winge (14. mars 190922. januar 1970) var ein norsk biletkunstnar. Han er mest kjend som grafikar og for monumentalkunsten sin, og han vert sett som ein av dei viktigaste norske biletkunstnarane i sin generasjon.

Far til Winge var byarkitekt i Hamburg, men familien flytte til Kristiania i 1917. Han studerte ved Statens Kunstakademi under Axel Revold frå 1929 til 1932. I 1933 debuterte han på utstillinga 11 unge maleres utstilling i Kunstnerforbundet i Oslo, og same året var han også representert på Haustutstillinga. Det var også i 1933 han møtte Rolf Nesch som fekk stor innverknad på kunsten hans.

Winge døydde i Trondheim i 1970.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]