Silke Möller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silke Möller


Silke Möller under den austtyske friidrettsmeisterskapen 1989, med Katrin Krabbe bakom seg

Statsborgarskap Den tyske demokratiske republikken, Tyskland
Fødd 20. juni 1964 (59 år)
Stralsund
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 1988 – 100 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 1988 – 200 meter kvinner, athletics at the 1988 Summer Olympics – women's 4 × 100 metres relay, 1987 World Championships in Athletics – women's 4 × 100 metres relay

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv, Sportsman of the year

Silke Möller, opphavleg Silke Gladisch (fødd 20. juni 1964), er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Stralsund i Mecklenburg-Vorpommern som representerte Aust-Tyskland på sprintdistansane. Ho vart verdsmeister på 100 m og 200 m i 1987, og vann elles tre gullmedaljar i 4 x 100 m stafett, ein i verdsmeisterskapen 1983 og to i europameisterskap.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Silke Gladisch sprang den fyrste etappen då Aust-Tyskland i 1983 var fullstendig overlegne i 4 x 100 m stafett under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, dei andre gullvinnarane var Marita Koch, Ingrid Auerswald og Marlies Göhr. To år seinare var Gladisch med på det austtyske laget som sette verdsrekord på 4 x 100 meter stafett med tida 41,37 sekundar den 6. oktober 1985 i Canberra. Dei tre andre rekordsetjarane var Sabine Rieger, Marlies Göhr og Ingrid Auerswald. Rekorden var gjeldande i 27 år.

Ved friidretts-EM 1986 enda Gladisch eitt hundredels sekund bakom bronsevinnaren på 100 m, før ho to dagar seinare tok bronsemedaljen på 200 m. Til sist i meisterskapen vart ho og dei tre andre verdsrekordhaldarane i 4 x 100 m stafett suverene europameistrar i øvinga.

Ei veke før friidretts-VM 1987 i Roma viste Gladisch storform då ho sette personleg rekord på 100, m med 10,86 sekundar i Potsdam. Og i Roma var ho den dominerande sprintaren. På 100 meter tok ho ein klar siger framom landsmannen Heike Drechsler og Merlene Ottey frå Jamaica. Fire dagar seinare sette ho personleg rekord med 21,74 sekundar på 200 m og var høvesvis over to og tre tidel sekund føre sølvmedaljør Florence Griffith og bronsevinnar Ottey. Siste meisterskapsdagen tok Aust-Tyskland, med Gladisch på startetappen, sølv på den korte stafetten. For VM-prestasjonane vart Gladisch kåra til årets kvinnelege idrettsutøvar i Aust-Tyskland. Også i Sommar-OL 1988 i Seoul fekk ho, då som Silke Möller, ein sølvmedalje på 4 x 100 meter stafett med Aust-Tyskland.

Möller var sjanselaus på 100 m mot landsmannen Katrin Krabbe då EM 1990 fann stad i Split i dåverande Jugoslavia. Ho sikra seg likevel sølvet på distansen, og saman med nettopp Krabbe, Kerstin Behrendt og førnemnde Sabine Günther (Rieger) vann ho gull i 4 x 100 m stafett, heile 1,34 sekund føre Vest-Tyskland på andreplass.

I 1992 vart Möller og landsmennene Katrin Krabbe og Grit Breuer skulda for doping, men deretter frikjende av det internasjonale friidrettsforbundet IAAF. Ho valde likevel å leggje opp som friidrettsutøvar før Sommar-OL 1992, og byrja studere historie i Rostock.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1983 i Helsinki: Gull i 4 x 100 m stafett (41,76), utslått i semifinalane på 100 m (11,30 =nr 9)
  • EM 1986 i Stuttgart: Bronsemedalje på 200 m – 22,49, nr 4 på 100 m – 11,09, og gull i 4 x 100 m stafett (41,84)
  • VM 1987 i Roma: Gullmedaljar på 100 m – 10,90, framom Heike Drechsler (11,00) og på 200 m – 21,74, framom Florence Griffith (21,96). Sølv i 4 x 100 m stafett (41,95)
  • OL 1988 i Seoul: Nr 5 på 200 m – 22,09, sølv i 4 x 100 m stafett (42,09), utslått i semifinalane på 100 m (11,12)
  • EM 1990 i Split: Sølvmedalje på 100 m – 11,10, bak Katrin Krabbe (10,89). Gull i 4 x 100 m stafett (41,68)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]