Silkeborg Museum

Koordinatar: 56°10′8.5″N 9°33′11.1″E / 56.169028°N 9.553083°E / 56.169028; 9.553083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

56°10′8.5″N 9°33′11.1″E / 56.169028°N 9.553083°E / 56.169028; 9.553083

Silkeborg Museum held til på Silkeborg Hovedgård. Hovedgårdsvej 7 i Silkeborg.

Silkeborg Museum er eit arkeologisk og kulturhistorisk museum i byen SilkeborgJylland i Danmark skipa i 1904.[1] Muset har tilhald på Silkeborg Hovedgård, som er det eldste huset i byen. Til museet høyrer òg ruinane etter Silkeborg Slott og dessutan det vesle Arbejdermuseet med ein arbeidarbustad og utstilling om arbeidarlivet i Silkeborg.

Samlingane femner om funn og gjenstandar frå steinalderen til vikingtida og mellomalderen, ei antikk glassamling, døme på det lokale pottemakarproduktet Sorring-lertøj med aner frå tidleg på 1700-talet og ei blømingstid på fyrste halvparten av 1800-talet, og det vert gjort greie for gamle handverk og for Silkeborg som skogsområde med meire.

Det mest vidgjetne av funna på Silkeborg Museum er utan tvil Tollundmanden, eit mumifisert mannslik (myrlik) frå jarnalderen funne i ei myr i nærleiken av byen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Silkeborg Museum» (på dansk). Gyldendal - Den Store Danske. Henta 23. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]