Silly Wizard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silly Wizard

Aktiv1970–
SjangerKeltisk musikk
PlateselskapTransatlantic Records

Silly Wizard var eit skotsk folk-band som blei danna i Edinburgh i 1970. Grunnlegane var to universitetsstudentar, Gordon Jones (gitar, bodhran, vokal, bouzouki, mandola) og Bob Thomas (gitar, mandolin, mandola, banjo, concertina). I januar 1972 skipa Jones og Thomas ein trio med hybelkameraten Bill Watkins (gitar, vokal, fele) og opptredde (til tider utan løn) under ulike bandnamn ved folkemusikklubbar i Edinburgh. Våren 1972 vene Watkins tilbake til Birmingham og i juni 1972 kom Chris Pritchard inn som erstattar. I juli 1972 hadde denne trioen sin fyrste betalte konsert på Burns Monument Hotel, Brig O' Doon, i Skottland, og trong eit bandnamn i ein hast. Namnet «Silly Wizard» blei valt, og den kontinuerlege straumen av bestillingar deretter sørgde for at namnet blei permanent. I september 1972 rekrutterte trioen Johnny Cunningham (1957-2003) (fele, bratsj, mandola, vokal),[1] og Silly Wizard byrja å ta av.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Thomas gav ein hybelkamerat som skreiv ei bok med barneforteljingar æra for namnet «Silly Wizard». Gruppa opptredde for fyrste gong under dette namnet sommaren 1972.[2] Chris Pritchard (vokal) erstatta Bill Watkins (vokal, gitar) i 1972. Frå september 1972 til mars 1974 organiserte bandet bookingane for laurdagskvelden på Triangle Folk Club i Edinburgh, og opptrådde også ofte der.[3] I februar 1973 forlét vokalisten Pritchard gruppa og blei erstatta av Madelaine Taylor (gitar, bodhran, vokal). I oktober 1973 skreiv gruppa kontrakt med Transatlantic Records på XTRA-etiketten.[4] Ho spelte inn eit album, men før blei gjeve ut, gjekk Madelaine Taylor ut av gruppa i desember 1973. Innspelingsbanda gjekk så tapt, og albumet blei ikkje gjeve ut.[3]

Jones, Thomas og Cunningham byrja turnera som ein trio i januar 1974. Dei la ut på sin fyrste av fleire franske turnear i april 1974.

I september 1974 blei Neil Adam (bass, harmonium) medlem av gruppa, og i desember 1974 kom Andy M. Stewart (vokal, tennistjel,tenor banjo) med. I mars 1975 byrja Silly Wizard å arbeida med det neste albumet sitt. Seinare blei nye medlemmer Freeland Barbour (trekkspel, bouzouki) og Alastair «Ali» Donaldson (1955-2013; bass, fløyte), som erstatta Neil Adam i juli 1975 då sistnemnde bestemte seg for å venda tilbake til universitetet. Gruppa gav ut albumet Silly Wizard på XTRA, og byrja å turnera i Storbritannia og Kontinental-Europa.

På slutten av 1976 forlét Freeland Barbour bandet og blei erstatta av ein yngre bror av Johnny Cunningham, Phil Cunningham (trekkspel, blekkfløyte, harmonum, synthesizer, oktavmandolin, vokal), som då var elleve år gamal.[1] Samstundes forlet Ali Donaldson gruppa og blei erstatta av Martin Hadden (bass, gitar, piano). Denne seksmedlems-lineupen spelte så inn den andre LP-en til gruppa, Caledonia's Hardy Sons (Highway/Shanachie, 1978). Grunnleggjarmedlemmet Bob Thomas forlet gruppa nett då ho byrja å arbeida på den tredje LP-en sin, i (Highway/Shanachie, 1979).

Johnny Cunningham forlét bandet for å dra til USA i 1980,[5] og blei erstatta i seks månader av Dougie MacLean.[3]

Gruppa heldt fram med å spela fram til slutten av 1980-talet, då det blei semje om å oppløysa henne etter sytten år med framføringar og ni albumutgjevingar. Ho hadde sin siste opptreden i Voorheesville i New York i april 1988. Johnny Cunningham døydde den 15. desember 2003 i New York.[6]

Andy M. Stewart døydde på sjukehus i Melrose i Roxburghshire i Skottland den 27. desember 2015 som følgjer av komplikasjonar etter ein mislukka operasjon i 2012.[7]

Musikkstil[endre | endre wikiteksten]

Silly Wizard spelte fleire former for skotsk folkemusikk, både instrumentell og vokal, frå raske jigar og reelar til sakte airar. Medan det meste gruppa spelte var tradisjonelle songar eller melodiar, skreiv medlemmer også mange eige komposisjonar. Phil Cunningham skreiv generelt instrumental musikk sentrert på trekkspel, og Stewart skreiv fleire songar i ein stil som ofte er særleg tradisjonell.[8] Gruppa etablerte eit lydbilde med grunnlag i songen til Stewart og dei lidenskaplege instrumentalane til Cunningham-brørne.[9]

  • I Scots Trad Music Awards 2003 var Silly Wizard nominert til prisen for beste folk-band.
  • Medlemmar av Silly Wizard spelte på Celtic Connections i februar 2007.
  • I desember 2012 blei Silly Wizard teken inn i Scottish Traditional Music Hall of Fame.[10]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1976 Silly Wizard
  • 1978 Caledonia's Hardy Sons
  • 1979 So Many Partings
  • 1980 "Take the High Road" (single)
  • 1981 Wild and Beautiful
  • 1983 Kiss the Tears Away
  • 1985 Live in America
  • 1985 Golden Golden
  • 1985 The Best of Silly Wizard
  • 1986 A Glint of Silver
  • 1988 Live Wizardry - Best of Silly Wizard in Concert
  • 2012 Live Again (spelt inn i 1983)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Laurie Devine. «Johnny Cunningham 1957–2003: Defining Wizardry». Arkivert frå originalen 4. februar 2012. 
  2. Silly Wizard's "Official" History Pages Arkivert 4. april 2013 ved Wayback Machine.
  3. 3,0 3,1 3,2 «Silly Wizard Biography». Henta 14. januar 2022. 
  4. «Silly Wizard Biography». Henta 14. januar 2022. 
  5. Gordon Jones. «Silly Wizard». Arkivert frå originalen 4. april 2013. Henta 17. april 2013. 
  6. Harris, Craig. «Johnny Cunningham». AllMusic. Henta 11. september 2014. 
  7. «Tributes paid to Silly Wizard folk legend Andy M. Stewart». The Herald (Glasgow). Henta 30. desember 2015. 
  8. «SCOTTISH TRADITIONAL MUSIC HALL OF FAME: Silly Wizard». Henta 14 Jan 2022. 
  9. «SILLY WIZARD – ‘Live’ Again – Reviewed by Pete Fyfe». 
  10. «SCOTTISH TRADITIONAL MUSIC HALL OF FAME: Performers». Henta 14. januar 2022.