Mandola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mandola
Mandola.jpg
Klassifisering Strengeinstrument
Klimpreinstrument

Mandola er eit klimpreinstrument i mandolinfamilien og har sitt opphav i dei langhalsa luttane som kom til Europa med den arabiske ouden. Mandolaen har fire unisone strenger som er stemt i kvintar.

Tenormandolaen, eller oktavmandolaen er den vanlegaste varianten, og er stemt ein oktav under mandolinen (G D A E). Altmandolinen er stemt som ein bratsj, altså ein kvint under mandolinen. Den sistnemnde varianten har vore brukt i mandolinorkestra for å fylle ei tilsvarande rolle som bratsjen i eit strykeorkester. Likevel er det tenormandolaen (eller oktavmandolaen) som har fått mest popularitet på grunn av at stemminga tillét at mandolinspelarar kan spele instrumentet utan å måtte endre toneart.

Den tradisjonelle italienske varianten har rund botn, medan dei nyare og internasjonalt meir utbreidde variantane har flat botn.

Mandola i norsk folkemusikk[endre | endre wikiteksten]

Mandolaen og fleire andre 2-korige klimpreinstrument med flat botn, slik som bouzouki og cittern, vart introdusert i norsk folkemusikk på 70- og 80-talet og har sidan vorte stadig meir vanleg i samspel. Dette er i stor grad eit resultat av svensk påverknad, særleg frå musikarar som Ale Möller og Roger Tallroth.

Den norske folkemusikaren og gitaristen Leiv Solberg har brukt mandola på ei rekkje plateinnspelingar, mellom anna med Ånon Egeland, Ragnhild Furholt og Laila Yrvum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]