Siltstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siltstein

Siltstein er ein klastisk sedimentær bergart som er sett saman av partiklar med storleik mellom dei grovare partiklane i sandstein og dei finare i leirskifer. Meir enn to tredelar av bergarten er siltpartiklar, det vil seia med kornstorleik som er mellom 0,002 og 0,006 mm. Vanlige mineral i siltstein er kvarts, feltspat, glimmer og ulike leirmineral, der dei to førstnemnde er meir dominerande i grove partikkelstorleikar og i leirmineral i finare storleikar.[1]

Ordet silt er truleg i slekt med salt. Språkrådet går ut frå at opphavet truleg kjem frå engelsk,[2] men i engelsk etymologi meiner ein at opphavet mest sannsynleg er frå norsk og dansk, sylt.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Siltstone, Geology.com
  2. «silt», Bokmålsordboka
  3. silt (n.), Online Etymology Dictionary
  4. Ayto, John (1999): Dictionary of Word Origins, Bloomsbury, s. 478. Sitat: «... it is etymologically related to salt. It was probably borrowed from a Scandinavian word – Danish and Norwegian have the apparently related sylt ’salt marsh’.»