Simonetta Sommaruga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Simonetta Sommaruga i 2011

Simonetta Sommaruga (fødd 14. mai 1960) er ein sveitsisk politikar for Det sosialdemokratiske partiet i Sveits. Ho er medlem av det sveitsiske forbundsrådet, den føderale regjeringa i Sveits, der ho er er justis- og politiminister.

Sommaruga er fødd i Zug sentralt i Sveits og voks opp i Sins i Aargau. Ho tok vidaregåande utdanning i Immensee i Schwyz og pianistutdanning i Luzern, San Francisco og Roma. Frå 1988 til 1991 studerte ho engelsk og romanistikk ved Universitetet i Fribourg.

Frå 1993 til 1999 var Sommaruga leiar ofr den sveitsiske forbrukarstiftinga, Stiftung für Konsumentenschutz. Frå 1999 var ho president for stiftinga. I 2003 blei ho president for den sveitsiske hjelpeorganisasjonen Swissaid.

Simonetta Sommaruga byrja si politiske karriere som medlem av kantonparlamentet i Bern. Ho sat i dette storrådet for Bern frå 1981 til 1990. Frå 1998 til 2005 var ho medlem av kommunestyret i Köniz. I 1999 blei Sommaruga valt inn i Det sveitsiske nasjonalrådet og i 2003 til overkammeret, Stenderrådet, som representant for kantonen Bern. I 2010 blei ho vald inn i Det sveitsiske forbundsrådet etter Moritz Leuenberger. Med dette var fire av sju representantar i rådet kvinner.

Sommaruga er gift med forfattaren Lukas Hartmann (pseudonym for Hans-Rudolf Lehmann), som har tre born frå eit tidlegare forhold. Ekteparet er busett i Spiegel nær Bern. Simonetta er ein fjern slektning av den framtredande sveitsiske advokaten og diplomaten Cornelio Sommaruga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Simonetta Sommaruga

Kjelder[endre | endre wikiteksten]