Luzern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Luzern
Horisonten til Luzern
Kommunevåpenet til Luzern
Kommunevåpenet til Luzern


Plassering
Luzern is located in
Styresmakter
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Luzern
Distrikt Luzern
Språk tysk
Borgarmeister Urs W. Studer
Geografi
Flatevidd
 - kommune

29,04 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

77 491
  2 668,4 /km²
Koordinatar 47°03′0″N 8°18′0″EKoordinatar: 47°03′0″N 8°18′0″E
Høgd over havet 436 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 6000

Luzern, (fransk: Lucerne), er ein by og ein kommune og eit distrikt i det nordlege, sentrale Sveits. Byen er hovudstad både i kantonen Luzern og i distriktet med same namn. Kommunen har 77 491 innbyggjarar (2010) og eit areal på 29 km². Luzern er den største byen i Sentral-Sveits og eit senter for transport, telekommunikasjon og styresmakter i regionen. Storbyområdet består av 17 byar i tre forskjellige i kantonar med totalt kring 250 000 innbyggjarar.[1]

Byen er eit trafikknutepunkt ved jernbanen over St. Gotthard-passet og E9 mellom Basel og Milano over St. Gotthard. Det er stor handels- bank- og forsikringsverksemd i byen. Her er òg viktige vidaregåande fagskular.

Luzern ligg ved Vierwaldstättersjøen og har i lange tider vore eit særleg ynda turistmål, med eit praktfullt utsyn mot fjellheimen aust og sør for byen. Byen er elles særleg kjend for ei 204 meter lang, overbygd trebru, 'Kapellbrücke', som kryssar elva Reuss. Brua vart bygt i 1333, men mykje øydelagd under ein brann i 1993. Ho vart bygt opp att i den form ho hadde før brannen. Frå forstaden Kriens går det svevebane til Pilatuskulm, 2070 moh. Kvar år er det musikkfestivalar i byen i august og september. Det største og mest moderne samferdselsmuseet i Europa ligg i byen, i tillegg til Planetarium og Kosmorama. Gletschergarten er eit hageanlegg med museum bygd omkring ei veldig istidavsetning. I ein fjellvegg her står Løvemonumentet, hogd ut av ei sandsteinsblokk etter Bertel Thorvaldsen sin modell, til minne om sveitsargardistane som fall i Paris i 1792.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Luzern er voksen opp omkring eit benediktinarkloster bygd 730–735, på 800-talet kalla Luciaria. Byen vart ein handelsplass på 1200- og 1300-talet etter at vegen over St. Gotthard vart opna i 1220. Luzern var på 1500- og 1600-talet eit senter for motreformasjonen og er overvegande katolsk.

Utsyn over Reuss mot Kapellbrücke og gamlebyen i Luzern

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. List of agglomerations og isolated Byar i Sveits, 2000 (Microsoft Excel) (tysk) Swiss Federal Statistical Office.Retrieved on August 30, 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Luzern