Sinfonia Concertante for fiolin, bratsj og orkester
K. 364 Sinfonia concertante av Wolfgang Amadeus Mozart | |
Periode | Wienerklassisismen |
---|---|
Komponert | 1779 |
Typisk lengd | 30:42 |
Satsar/akter | 3 |
Sinfonia Concertante for fiolin, bratsj og orkester i Ess-dur, K. 364 (320d), vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart.
På tida då han vart komponert i 1779, var Mozart på reise i Europa, mellom anna i Mannheim og Paris. Den kompliserte orkesterdynamikken syner at dei europeiske orkestra på denne tida hadde vorte meir teknisk kompetente og var sterkt påverka av besøket Mozart gjorde i Mannheim i under reisa. Mozart hadde eksperimentert med sjangeren Sinfonia concertante og dette verket vert rekna som hans mest suksessfulle innan sjangeren, i overgangen mellom symfoni og solokonsert.
Instrumentering[endre | endre wikiteksten]
Stykket er skriven i tre satsar for solo fiolin, solo bratsj, to oboar, to horn og strykarar, sistnemnde med to bratsjar.
Partiet for solobratsj er skriven i D-dur i staden for Ess-dur, og instrumentet er stemd opp ein halvtone (scordaturateknikk) for å gje ein klårare tone. Denne teknikken er uvanleg når ein spelar dette på ein moderne bratsj.
Det har òg vorte arrangert for cello i staden for bratsj.
Satsar[endre | endre wikiteksten]
![]() |
|
||||
Problem med å høyra denne fila? Sjå mediahjelp. |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Sinfonia Concertante for Violin, Viola and Orchestra (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2011.
- Mordden, Ethan. A Guide To Orkesterl Music: A Handbook for Non-Musikars (Oxford, 1980).
- Smith, Erik. Notes to Mozart Sinfonia Concertante K364 (L.P. DECCA 1964)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Mozart Sinfonia Concertante: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Sinfonia Concertante in Es für Violin, Viola und Orchester: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Viola in music - Sinfonia concertante for violin, viola and orchestra